I dag er nesten 828 millionar i verda råka av sult, og 45 millionar ungar er dødeleg underernærte.2,3 milliardar har i periodar hatt manglande matsikkerheit.

Er det da rett av oss at delar av matjorda vår ikkje nyttes til matproduksjon? Er det rett av oss å importere mat frå land som treng maten sjølve? Burde ikkje fyrste prioriteten vår vore å vera mest mogleg sjølvforsynte?

Vi må snart at innover oss at det å vera sjølvforsynte av mat vi kan produsere her bør vera det vi alle er med å gjer noko for. Slutte å handle importerte jordbruksvarer i sesongen vår, og sjekke kvar kjøttet ein kjøper kjem i frå er berre små ting i kvardagen vår, men viss alle gjer det, ja da merkes det!!

Viss ikkje det ikkje blir att matproduksjon, på norske ressurser,i landet vårt, da blir vi avhengige av verdssamfunnet. Det kan ikkje vera noko å hige etter når 2,3 milliardar allereie no har lever med manglande matsikkerheit.

Slutt å kjøp avokado, og andre importerte produkt. Et norsk kålrot, gulrot og potet igjennom vinteren.

Kjøp kun norsk kjøtt, gjerne av dyr som har beita i utmarka. Vis at du vil ha levande bygder, med norsk mat på bordet.

Da kan dei som treng det aller, aller mest få ete maten sin sjølv.

Borgny Sletten, leiar i Oppland Bygdekvinnelag