Det vil vi gjerne, og i samarbeid med ein engasjert arrangementskomite ligg alt til rette for eit godt kulturhistorisk arrangement første helga etter påske!

Hensyn til villreinstamma i Rondane, og ønskje om å skåne denne i så stor grad som råd er ein hovudårsak til å sjå etter ein ny stad for arrangementet. Vi tok raskt kontakt med Sør-Fron kommune. Ei positiv forhåndskonferanse gjorde oss sikre i trua på at lokalisering på vestsida av dalen, der det ikkje er nokon bestand av villrein, er ei god løysing. Politiske signal frå Nord-Fron er på same måte positive, medan administrasjonen innstiller på å avslå søknad om kjøreløyve for arrangementet.

Levande kulturarv

Beltebilen har ein særs heilt sentral plass i utvikling av vinterturisme i fjellet. Ikkje berre i Gudbrandsdalen, men i alle fjellstrøk som tek i mot gjester vinterstid. Beltebilen er viktig både historisk og i dag. Og i samband med utbygging og vedlikehald av kraftanlegg i fjellheimen våret har beltebilen vore av stor betydning.

Ei karavane med historiske kjøretøy, der pionertida, historiene, hendingar og utvikling blir lagt vekt på og formidla er noko heilt anna en turkøyring for forlystelsesformål. Dette er og hovudargumentet for at Gudbrandsdalsmusea engasjerer seg i dette tiltaket - og i 2024 ynskjer å arrangere Beltebilens helg.

Køyreruta

I Sikkilsdalen er beltebil ei forutsetning både for kongelege gjestar og øvrige vinterturistar den dag i dag. Skåbu er og utgangspunkt for transport til dei store vasskraftanlegga i Vinsterfjellet. Vidare er ruta lagt via Espedalen til Fefor – for å markere reiselivsnæringa som har eksistert og utvikla seg i området gjennom heile det 19. århundre. Ei viktig næring i Gudbrandsdalen og Fjell-Norge, som har nytta beltebil til transport av varer og folk.

Undervegs blir det stopp med formidling av historie og tradisjonar både på Ruten og Dalseter. På Fefor er Scott sine utprøvingar av motorsleder i forkant av ekspedisjonen til Sørpolen ei av landets aller eldste historier med beltekjøretøy på snødekt mark.

Publikumsdag

Vidare til Gålå med ein open publikumsdag på skistadion, der alle er velkomen. Ved Fagerhøy var også beltebilen ei forutsetning for vinterdrift i mange mange år, før det vart brøyta veg så langt til fjells. Det blir overnatting på Fefor og Gålå, med beltebilhistorie lokalt og frå andre stader, og om teknisk utvikling frå tidleg 50 – tal til moderne tid. Slik kunnskap er sentralt for å ta vare på denne kulturarven.

Beltebilens helg vil føre til at entusiastar vil møtes og utveksle erfaringer, der ein ser korleis dette verkar i praksis. Deltakarar bruker tid og ressursar på delta i dette fellesskapet, og det fortel at dette er verdifullt. Slik blir denne rike og spanande kulturarven heldt levande og ført vidare.

Køyreløyver

Ruta er planlagt på vegar som ikkje er vinterbrøyta, langs skogsbilveg og preparerte skiløyper der det langs alle strekninger tidlegare er gjeve løyve til løypekjøring/transportløyver. Ikkje ein ny kvadratmeter med snødekt mark blir tråkka, og det er innhenta samtykke frå berørte løypelag/bedrifter.

Arrangementet vil ikkje medføre ulemper for flora, fauna eller dyreliv, og arrangementet er tidfesta lenge før elgen trekk ut frå Murudalen. Aktiviteten blir ein liten andel av den samla trafikken gjennom ein vinter. I sommarhalvåret er det stor trafikk både av lette og tunge kjøretøy på dei same vegane.

Lokal myndigheit

Eit samrøystes formannskap i Sør-Fron var i møte tysdag 23. januar fulle av lovord om tiltaket. Dei ønskjer at dette skal gjennomføres, og det er vi glade for! Men dei utsette vedtak om køyreløyve.

Arrangementet er innafor reglane for dispensasjon etter lov og forskrift om motorferdsel, og kommunane er den myndigheia som bestemmer dette. Dette handlar om langt meir enn beltebil. Om å ta vare på verdifull kulturhistorie, om lokalt sjølvstyre, og om å setja pris på ildsjeler som brukar tid og store ressursar på å ta vare denne delen av vår felles historie.

Vi håper politikarane I Sør- og Nord-Fron kommune nyttar handlingsrommet sitt, og at dei gjev løyve til denne historiske karavanen i Fronsfjellet første helga etter påske!

Øystein Rudi

Direktør

Gudbrandsdalsmusea