I 1863 fann budeia Anne Hov på Valseter i Gudbrandsdalen på å slå fløyte opp i mysa og koke det inn til ein fastare og feitare ost. Slik skapte seterjenta ein særeigen ost det ikkje finst maken til i resten av verda. Ei av dei sterkaste merkevarene i Noreg var fødd.

Neste veke kan Gudbrandsdalsosten døy.

Hos TINE sitt meieri i Lom og Skjåk blir Gudbrandsdalsost G35 i dag kokt etter same oppskrift, i same jarngryter og i same dal som for 160 år sidan. Ei unik kulturhistorie og ditto ost – kåra til «det norskaste av det norske» av Nitimen.

Spol fram til neste veke – og konsernleiinga i samvirket TINE skal vedta om den originale Gudbrandsdalsosten skal avlivast.

Er det mogleg å kjenne smaken av historie og levande kulturarv? Sanse ein ost sin identitet og vesen? Spør du ein franskmann eller Arne Brimi er svaret eit rungande ja. Spør du TINE si konsernleiing, verkar svaret å vere nei. I dag blir stusslege 10 prosent av Gudbrandsdalsost – TINE si aller fremste merkevare – kokt på originalt vis i dalen han høyrer heime. Dei resterande 90 prosent av G35 blir produsert på Vestlandet og i Nord-Noreg – med heilt identisk namn, innpakking og marknadsføring som den grytekokte originalen frå Gudbrandsdalen. Når samstundes importen av utanlandsk ost går opp og konsumet av G35 går ned, lev den autentisk originalen frå det vesle handverksmeieret i Lom og Skjåk farleg.

«Ein kyniker er ein mann som veit prisen på alt, men ikkje verdien av noko», slo forfattar Oscar Wilde fast. Som direktørar for ni museum i Innlandet med ei samla omsetning på kring ein halv milliard i året, er forfattarane av denne kronikken godt trente i å rekne både kroner og kulturhistorisk gull. Vi er ikkje i tvil: Autentisk Gudbrandsdalsost kokt på opprinneleg vis i Gudbrandsdalen har både marknad, merkevare og meirverdi stor nok til å styrke både salet og omdømet til TINE. Problemet er ikkje Gudbrandsdalsosten – men TINE si slette handtering av ei av dei aller sterkaste merkevarene i landet.

Høyr berre:

Folkefavoritt: Sist gong TINE vurderte å leggje ned produksjonen i Gudbrandsdalen, sa meir enn 50 000 nordmenn tydeleg ifrå at dei ynskjer å bevare vår nasjonale stoltheit. TINE tener godt på merkenamnet Gudbrandsdalsost – ein eigarskap som forpliktar.

Identitet: Det einaste TINE-meieriet som koker original Gudbrandsdalsost på autentisk vis ligg altså i Gudbrandsdalen. Rakfisk frå Valdres er sjølvsagt produsert i Valdres. Rørosmat foredla på Røros. G35 produsert utelukkande utanfor Gudbrandsdalen er ikkje lenger Gudbrandsdalsost i anna enn namnet. Utan identitet, tradisjonar, historie og kultur, vil merkevara Gudbrandsdalsost raskt forvitre og miste si truverd og verdi – og TINE tape enno meir i høve utanlandske merkevarer i ostehylla.

Så kva val har TINE? Som direktørar for alle museum i Innlandet kan vi eitt og anna om bruk og vern. Her er våre forslag til å lyfte både Gudbrandsdalsosten og botnlinja basert på osteproduksjonen ved meieriet i Lom og Skjåk:

Premiumprodukt: Sjølv om ekte Gudbrandsdalsost har ei unik kulturhistorie toppa med internasjonale prisar, blir grytekokt G35 frå Dalenes Dal i dag ikkje merka og profilert annleis enn masseprodusert Gudbrandsdalsost andre TINE-meieri. Gje handverksosten frå Lom og Skjåk ei innpakking og profilering som fortel at dette er originalen med stor G – så får kundane endeleg moglegheit til å velje og betale for premiumproduktet med den unike historia og identiteta i ostehyllene.

Beskyttelsesmerking: Knapt noko matvare er djupare forankra i norsk historie og kultur enn Gudbrandsdalsosten – som attpåtil er ei sterk eksportvare til fjerne Asia. Beskyttelsesmerking og/eller spesialitetsmerking av autentisk Gudbrandsdalsost kokt på gamlemåten i Skjåk vil styrke tilliten og posisjonen til G35 hos både lokale, nasjonale og internasjonale forbrukarar.

Originalosten: Produksjon av Norsk håndverksmat har opplevd ei enorm utvikling i mangfald, kvalitet og etterspurnad sidan årtusenskiftet. Handverksbrygg og gardsost, stuttreist speikemat og ureist sider har gitt små nisjeprodusentar eit marknad å leve av. Med slik medvind for autentisk, lokal, kvalitetsmat vil det vere tidenes fallitterklæring viss norske bønder sitt eige mjølkesamvirke drep identiteten til den sterkaste merkevara av dei alle. I staden for å gi etter for importostar og daglegvarekjedene sine eigne merkevarer - bruk den unike identiteten og kvaliteten til Gudbrandsdalsosten til å ta opp kampen. Eller som Tine si visjon uttrykk det: Saman skapar vi eit levande Noreg.

Neste år er det 100 år sidan Lom og Skjåk Dampysteri vart oppført. Vi utfordrar TINE til å å gi meieriet og Gudbrandsdalsosten dei på unikt vis produserer feiringa dei fortener: Ei premiumprofilering som i lag med rik historieforteljing fortel kvalitetsmedvitne kundar kva for smaksrik og særprega kulturhistorisk skatt dei finn i ostehylla.

Hjarte og gane vinn ein med ein original ost – ikkje ein historielaus kopi. Heldigvis for TINE og Noreg har ekte grytekokt Gudbrandsdalsost kvaliteter til å vere midtpunktet i måltidet, ikkje ein parentes i historia.

Sven Inge Sunde – direktør for Anno Museum

Øystein Rudi – direktør for Gudbrandsdalsmusea

Audun Eckhoff – direktør for Lillehammer museum

Ole Aastad Bråten – direktør for Valdresmusea

Hans Philip Einarsen – direktør for Randsfjordmuseet

Arne Julsrud Berg – direktør for Mjøsmuseet

Dag Raaberg – direktør for Norsk skogfinsk museum