Grunnen til det er det sterke folkemusikkmiljøet vi har her med stor innsats både av utøvarar og dei frivillige som stiller opp for å arrangere.

På Vinstra vidaregåande skule har vi sidan 1997 hatt Landslina for folkemusikk. Nå er tida inne for å utvide dette studietilbodet også til ei Landsline for folkedans. Folkemusikken og folkedansen er tett knytt saman, som strengen på fela.

I dag har vi ikkje noko slik tilbod i Norge og kva er da meir naturleg enn å opprette ei landsline for dette i Gudbrandsdalen. Under Landskappleiken i Lom i sommar var det mange ungdommar frå Innlandet som stilte opp i tevling dans junior. Det lovar bra for rekruttering.

Folkemusikken treng dansen og dansen treng folkemusikk. Med det sterke folkedans- og folkemusikkmiljøet vi har i Innlandet ligg det godt til rette for samarbeid med både dyktige utøvarar av både amatørar og profesjonelle og spel- og dansarlag.

Både folkemusikken og folkedansen er ein del av den immaterielle kulturarven vår. Denne arven er i høgste grad levande, men treng også rekruttering og utvikling. Ei landsline for folkedans på Vinstra vidaregåande skule vil saman med landslina for folkemusikk løfte denne kulturarven vidare og halde den levande.

Folkemusikkmiljøet i Innlandet står sterkt. Med ei landsline for folkedans vil det bli enda sterkare!