Andre verdskrig var ikkje lenger unna enn 25-30 år og eg kunne førestille meg korleis det var å leve med frykta for bombing og soldatar. Av ein eller annan grunn hadde eg ein draum som stadig kom attende om tanks som køyrde forbi der eg budde med familien min. Det gjorde også sterkt inntrykk å vite at tyske soldatar hadde brukt barneskulen min som base. Det var skremmande sjølv om det høyrde til historia.

Dessverre er dette den harde verkelegheita for mange barn i dag. Redselen for at huset du bur i kan bli bomba, at soldatar kan komme og ta foreldra dine eller at du ikkje har nok mat eller straum på grunn av manglande forsyningar. Fortvilinga over å miste eit familiemedlem eller ein leikekamerat og sorga over ein tapt barndom.

Det er ingen det går så hardt utover når det er krig og uro som barna. Den usikkerheita, redsla og uroa dette skapar i eit barnesinn er vanskeleg å forstå.

Derfor er årets TV-aksjon så viktig og like aktuell som da Redd Barna vart stifta i 1919 i Storbritannia for å hjelpe barn som svolt etter fyrste verdskrig. Det er 450 millionar barn i verda som lever i eit konfliktområde i dag og kvar dag blir 22 barn skada eller drepe på grunn av krig og konflikt. Dei siste dagars bilde frå Gaza er forferdelege og viser den råskapen og dei forferdelege konsekvensane dette får for barn og deira familiar.

Krig tek barndommen frå barna. Dei mister ofte skulegang, viktig helseteneste og mange blir i ein fattigdomsspiral det er vanskeleg å komme seg ut av. Mange barn blir utnytta på det verste vis i krig og 50 millionar barn er på flukt i verda i dag.

TV-aksjonen i år går til å hjelpe barn som er ramma av den galskapen vi vaksne påfører dei. Pengane går til å prøve å gje barn moglegheit til å gå på skule, finne att familiane sine og til å støtte tidlegare barnesoldatar. Det å gje barn trygge leikeområde og hjelp til å handtere vonde opplevingar og at barn som har flykta til Norge skal få ei aktiv fritid, er også ein viktig del av aksjonen.

Vi som bur trygt her i Norge kan ved å gje til årets TV-aksjon hjelpe barn som er eller har vore ramma av krig ein betre barndom og kvardag. Ta godt imot bøssebærarane som brukar søndagen 22. oktober til å gå frå dør til dør, frå hus til hus for å samle inn pengar til våre sårbare barn.

Aud Hove, fylkesordførar i Innlandet