Spaltist Anne R Amundsen

Mange av dei ungane eg har møtt, som ikkje har kjent seg inkludert, som har stått i utfordringar og nederlag over år, det er dei ungane eg ofte tenkjer på som meir robuste enn mange andre. Dei har tola og prøvd og halde ut på tross av alle sorger. Når vi ser nærare på kva som har gjort at dei fleste av desse ungane etter kvart greier seg, så ser ein at dei har trygge, stødige, uthaldande vaksne som står saman med dei, som ikkje tek overtek og skal rydde unna, men deltek ilag med dei og arbeider for å finne løysingar. Det kan ta tid, men det går oftast bra etter kvart. I denne gruppa er og mange av dei ungane som har utsett andre ungar for krenkingar og utestenging, men som kan stå ved det dei har gjort og har vaksne rundt seg som ikkje godtek deira handlingar. To jenter på ungdomstrinnet sa; «Vi vil ha vaksne som kan hjelpe til når vi har gjort noko dumt, noko vi angrar, ikkje vaksne som skal gå føre oss og ordne opp, det lærer vi ikkje noko av». Ei jente på 12 år som hadde flykta frå Syria saman med mor, beskreiv opplevingar frå flukta, at ho nå likte seg så godt på skulen og var så glad for at ho var her. Eg spurde ho kva som gjorde at ho greidde å vere så blid og trygg på trass av alle opplevingane ho hadde hatt på flukta gjennom Europa ? « Det er fordi mamma heldt meg i handa heile vegen» svara ho.

Pål Roland frå Læringssenteret i Stavanger seier at det er ei stor gruppe ungar som vi gjev altfor lite merksemd. Alle dei ungane som ikkje er dei flinkaste i fag, som ikkje blir definert som mest populære, ikkje vinn mest og ikkje blir valt fyrst, ikkje blir bedne på alle selskap, men som handterer dette bra likevel. Det handlar om det å vere robust og ha vaksne ilag med seg som gjer dei robuste. Ein gut, som etter kvart vart ein del av denne gruppa sa «Det e itte alt som e greitt og e blir irritert, men e ser at dei andre toler det så da skal eg tole det eg og». Eg sto på ein skoleplass og såg ei jente som sto aleine, hette over hovudet og såg på andre jenter som sparka fotball. To andre jenter kom bort til henne og spurde om ho ville vere med dei å leike ? Ho såg på dei, sa at det ville ho ikkje og gjekk frå dei. Eg valde å gå bort til dei to, seie at eg høyrde kva dei spurde om, svaret dei fekk og lurte på kva dette var ? Dei sa; «Vi er ikkje av dei populære vi, ho vil berre vere med dei som er populære, dei som er på bana, og da er ikkje vi bra nok». I sommar såg eg på ungar som leika i ein barnehage. Ein liten gut på om lag 4 år kom gåande aleine, fikla litt med kleda sine, såg ned og sette seg på ein benk. Tre jenter på om lag same alder, hadde ein leik der dei flaug etter kvarandre rundt og rundt eit hus. Dei kom flygande rundt hjørnet da ei av desse stoppa opp, flaug ned til guten på benken og sa; Vil du vere med oss å leike ?» Guten spratt opp og vart med. Da eg gjekk, var dei fire som flaug rundt huset og eg tenkte at her var det vaksne bak som allereie hadde lært den vesle jenta at ho har eit medansvar for at alle har det bra.

Så det « å vere robust», det er å tenkje at mykje er bra nok, at det går an å takle utfordringar, reise seg att, vite at du ikkje treng å vere i sentrum eller bli best, at det ikkje er verdas ende å tape i eit spel når du er tre eller ikkje bli beden på forspiel når du er tretten. Alle desse ungane har vaksne som står saman med dei på vegen, forstår kva det handlar om, bidreg til endring og lærer dei at utfordringar både kan møtas og løysast ilag. Line Warholm skriv mykje om temaet. Ho seier, «Det korte svaret på kvifor ungar etter kvart blir lite robuste, er at vi vaksne har gått over bekken etter vatn. Vi prøver å gje ungane våre kunnskap og løysingar slik at vegen ikkje skal bli så humpete for dei. Problemet er at det er nettopp humpane og dei klønete, uerfarne forsøka på å finne ein veg fram mot vaksenlivet, som er sjølve løysninga. Når vaksne gjev ungar rom for å ta sunne sjansar, medfører dette at ungane erfarer meistring i møte med nye utfordringar, og får tru på at utfordringar er til for å løysast». Om ungane blir robuste eller ikkje har difor særs mykje med vaksne å gjere. At ungane har vaksne som høyrer, forstår, hjelp til og finn løysingar ilag med andre, som ikkje er opptekne av skuld og det å ha løysinga klar både for eigne og andre sine ungar. Hanne Amrud 23 år, som var intervjua i Dølen nyleg, sa det i grunn både enkelt og presis: «Eg hadde vaksne som sette standarden, det var aldri spørsmål om noko anna enn at ein skulle bidra».