– Dette har vore den viktigaste plassen for meg, seier Øystein Skar, utanfor døra på Kunnskapsstugu, dei nåverande lokala til Karrieresenteret på Vinstra.

Før førre nybyggrunde på Vinstra vidaregåande skule var dette inngangsdøra til musikk- og danselina, av mange omtala som «talentfabrikken». På døra i dag står det kvitt på oransje: «Dine muligheter starter her». I desse lokala var Øystein Skar elev i tre år. Det var her det begynte. Skrifta på veggen blir nærast profetisk, for i motsetnad til andre meir kjende sødorpingar har Skar nesten klart kunsttykket å bli profet i eige land.

For suksessen vil ingen ende ta for Highasakite.

– Det er vanskeleg å kome unna klisjeane når eg skal beskrive det vi har vore gjennom. Det er utan tvil det største eg har opplevd. Stutt og godt eit eventyr. På godt og vondt. For det er jo ein ekstrem situasjon, seier Skar og fortel mellom anna om 300 reisedøgn i året.

– Det er eit risikoyrke. Det er jo ikkje tilrettelagt slik som for eksempel for alpinlandslaget, seier Skar og viser til mange samtalar med tidlegare klassekamerat Kjetil Jansrud om nettopp denne problematikken.

– Han skjønner ikkje korleis vi held ut dette opplegget!

– Kven som helst kan bukke under med slikt press. Morten Harket snakka om at suksess kan vera vanskeleg å takle, ikkje berre for ein sjølv, men også for folk rundt deg. For du må ofre alt, seier Skar. – Du ofrar alle tacokveldar med dama, biljardkveldar med gutta, og trening kan du berre gløyme. Familien ser du heller aldri.

– Er det verdt det?

– Ja, kjem det kontant. – Det er det. Det er høg pris, og høg gevinst.

Øystein Skar kjem frå ein musikkglad familie, og starta med piano på kulturskulen i Nord-Fron da han var seks år gamal. Og da Øystein gjekk inn den tidlegare omtalte døra inn til musikklina på Vinstra vidaregåande skule som 16-åring, var det framleis klassisk piano som var instrumentet hans. Men gjennom påverknad frå Vegard Moshagen, som den gong var lærar på musikklina, fann den unge sødorpingen vegen inn til jazzen.

– Eg begynte nok å gå litt lei det klassiske, og syns det var veldig artig med rytmisk musikk, seier Skar.

Gjennom jazzens improvisasjon fekk han også etablert ein link inn til seg sjølv, som han kallar det, slik at komponisten Øystein Skar kom fram.

– Eg hugsar da eg var yngre, at eg kunne sitte å drøyme om å skrive symfoniar, smiler Øystein.

Men det var berre så vidt at Skar seinare vart ein del av Highasakite som komponist og tangenttraktør. Da Ingrid Helene Håvik og Skars gamle klassekamerat frå Vinstra, Trond Bersu ringte ein lat junidag i 2011 for å spørje om han kunne bidra på ei studioinnspeling med eit nytt prosjekt dei hadde gåande, var Skar i utgangspunktet tvilande.

– Eg drog på det, og måtte ordentleg diskutere med eg sjølv. På den tida hadde eg sikkert ti andre bandprosjekt, så eg satt ikkje akkurat med hendene i fanget, og eg visste jo ikkje om dette kom til å bli noko å satse på, eg hadde jo ikkje hørt noko av musikken ein gong, smiler han.

Øystein Skar diskuterte ferdig med seg sjølv og tok turen til Ålesund og studioet der Bersu og Håvik venta. I løpet av ei veke lagde dei albumet «All That Floats Will Rain». Dagbladets musikkmeldar Julia Pettersen var blant dei fyrste som meldte plata, 3. februar 2012. Ho skreiv:

– Med «All That Floats Will Rain» kan vi allerede avslutte dette musikkåret. Her brakdebuterer Highasakite med et album hvor den ene perlen mer vakker og egenartet enn den andre, daler ned fra en hinsides velsignet pophimmel.

Suksessen var eit faktum. Turen til Ålesund skulle vise seg å vera eit klokt val. Men kva med alle dei andre bandprosjekta?

– Gud hjelpe meg kor mange ting eg har måtta avlyse! Eg hadde mange andre band – med gode vener. Det var nok ikkje så lett for dei, og det er ikkje kult å seie nei til vener når du veit at det kanskje er det einaste bandprosjektet dei har. Det fyrste året hadde eg konstant dårleg samvit. Kanskje var Highasakite berre eit blaff? Det vart litt lettare når det tok av for godt, innrømmer Øystein.

For det tok av – skikkeleg. Dragen flaug høgare og høgare: Highasakite.

– Det har vore ein skikkeleg berg- og dalbane. Og det er eit veldig kick å vera på denne tripen med vener. Det er veldig spesielt. Det er som ein skulle vore på interrail med fire andre i fire – fem år, der ein blir pusha til noko ekstremt kvar dag.

For Øystein og resten av bandet har spelt for fleire tusen publikummarar i USA; Australia og Europa. Likevel er det dei fyrste spelejobbane, her heime i Noreg, Skar hugsar best.

– Fyrste gongen vi selte ut Rockefeller var stort – da gjekk det kaldt nedover ryggen på meg. Likeeins da vi selte ut Rockefeller for andre gong. Eg hugsar konserten på Sentrum Scene da det stod kø rundt heile kvartalet. Eg måtte ta bilde og sende til pappa og spurte meg sjølv: Er dette vår konsert eller er det eit anna band? ler Øystein.

Og så kjem vi ikkje utanom Øyafestivalen i 2014. Framfor 15 000 – 20 000 tilskodarar fekk Øystein «knekken».

– Så nervøs har eg aldri vore før! Det var berre så vidt eg turte å gå ut på scena. Eg tenkjer stadig «her er det så sinnsjukt mykje folk». Det kjem som julekvelden på kjerringa kvar gong. Det er ikkje noko ein blir vant med.

Nå kan Øystein Skar sleppe skuldrane ned. Heime i Sødorp er det ikkje like mange som ser og lyttar på han.

– Det er godt å kome heim å få ferie, smiler Skar, som håper det han og Highasakite har gjort, kan vera med å inspirere andre, for eksempel til å satse på popmusikk i Gudbrandsdalen.

– Det går fint an å spele pop å vera frå Gudbrandsdalen. Problemet er at det finst få om nokon rollemodellar innafor popmusikk her, seier Skar, og peikar på andre dalføre med meir spenn i musikklivet, som til dømes Hallingdal og Telemark. – Der har dei fleire rollemodellar, og da ser ungdommen at det faktisk går an. Det saknar eg her heime, seier Skar.

2014 og 2015, da Highasakite altså for alvor suste inn på radaren til heile det norske folk, og ikkje berre ein handfull musikkelskarar og kritikarar, er nå eit avslutta kapittel. Albumet «Silent Treatment» er nå det norske albumet som har lege lengst samanhengande på VG-lista. 94 veker vart det totalt, før «Silent Treatment» vart fortrengt av «christmas treatment» i desember.

I 2016 kjem det eit nytt album frå eit av Noregs mest omtalte popband dei siste åra.

– Eg har ei heilt anna kjensle nå enn eg hadde med til dømes «Silent treatment». Vi har brukt ein del klisjear, det blir pompøst med ein del 80-talssynth, som eg er veldig glad i. Den nye plata er meir kommersiell, men det er likevel «innafor», seier Skar.

Bandet er tryggare på seg sjølve og kvarandre nå, etter fire år saman.

– Eg føler vi er meir samkjørte kunstnarisk. Det er ikkje så mykje tvil, og vi er veldig sikre på det vi har gjort. Nå hadde vi også eit ønske om å lage noko. På dei to førre platene har vegen vorte til mens vi har gått, seier han og legg til: – Dette blir eit heilt anna album. Vi ville ikkje lage noko «Silent Treatment 2». Så kanskje blir ein del skuffa. Men vi må jo vidare. Kjeft får ein uansett, smiler Skar, som legg til at han har aldri vore så fornøgd med ei plate før.

– Ein kan ikkje lage musikk for at andre skal like det, sjølv om det sjølvsagt er hyggeleg om dei gjer det. Det viktigaste er at ein er fornøgd sjølv.

Han, og resten av bandet, er likevel ikkje heilt upåverka av kva publikum og kritikarar meiner.

– Det er klart at også vi blir påverka av både negativ og positiv respons. Får ein slakt for ein konsert tek ein jo kritikken til etterretning og går i seg sjølv. Så ja: Vi registrerer kva folk seier og meiner om musikken vår. Og det betyr mykje for oss at fansen vår, som vi er utruleg glade i, er fornøgde. Men vi kan likevel ikkje ta omsyn til kva slags musikk folk meiner vi skal gjera. Eg tør å påstå at det vi gjer er kvalitet. Og det er vi veldig bevisste på.

Her er det ikkje noko billegløysingar, seier pianisten frå Sødorp.

– Noko av det som har overraska oss ute på spelejobbar, og som er svært gledeleg og gjer at ein får trua på det ein driv med, er dei mange attendemeldingane frå folk som syns vi er flinke til å spele. Og det høyrer på ein måte 70- og 80-talet til det, at folk var opptatt av og la merke til at musikarane spelte bra. Vi får overraskande mange 70-talsreferansar, og vi har ofte mykje vakse publikum, seier Skar.

Og publikumet finst, over heile verda. Det betyr lange reiser, jetlag, feber. Sume gonger gruer ein seg for konsertreisa. Det er ein livsstil som ikkje passar alle, og livet har vorte snudd på hovudet.

Noko av prisen ein må betale er at ein lett blir midtpunktet i sosiale lag. Øystein Skar føler det i alle fall sjølv. Og liker det dårleg.

– Det har lett for å alltid handle om meg og Highasakite. Familie og vener kan på ein måte føle seg mindreverdige, og seie at «eg er jo berre ein skarve rørleggar», eller «eg studerer berre til sjukepleiar». Eg tenkjer på det heile tida, og det er ikkje berre berre å deale med det.  Alle yrker må til for at eit samfunn skal gå rundt, men dessverre har mange i viktige yrke dårleg sjølvtillit og sjølvbilde. I staden for at folk nedgraderer seg sjølve, må kvar enkelt vera meir stolte av seg sjølve og jobben dei gjer, og backe kvarandre opp.

Så attende til det eitt av dei innleiande spørsmåla: Er det framleis verdt det?

– Ja. Det å få attendemeldingar på at musikken vår har hjelpt folk i vanskelege livssituasjonar er utruleg stort. Eg har ofte følt musikk kan vera ein egotripp, at det å vera musikar er eit egoistisk yrke. Men det å få slike opplevingar det, ansikt til ansikt med folk, er handfast bevis på at musikk betyr noko.

– Dette har vore den viktigaste plassen for meg, seier Øystein Skar, utanfor døra på Kunnskapsstugu, dei nåverande lokala til Karrieresenteret på Vinstra. Før førre nybyggrunde på Vinstra vidaregåande skule var dette inngangsdøra til musikk- og danselina, av mange omtala som «talentfabrikken». Foto: Bjørn Sletten