I arbeidet med tunnelen som skal gje sikrare veg til Skåbu, har tunnelarbeidarane møtt på mykje dårleg fjell, til dels jord, og fått problem med innsig av vatn.

- Til nå har vi brukt om lag 50 tonn injeksjonssement, for å sikre tunnelveggane, seier byggeleiar Rune Dahl i Statens vegvesen.

Mindre salver

Det ekstra sikringsarbeidet gjer at arbeidet er cirka ein månad forsinka i høve til plan. Det dårlege fjellet gjer også at ein har vore nøydd til å redusere storleiken på fyringssalvene.

- Vi har brukt å hatt salver som tok 5 meter om gongen, nå er desse halvert, slik at vi kjem 2-2.5 meter for kvar ladning, seier Dahl.

Han understrekar at det forsinka tunnelarbeidet ikkje er kritisk i høve til ferdigstilling av tunnelen og resten av vegprosjektet, som også omfattar to kilometer veg i dagen.

- Vi ligg godt an på det som gjeld veg i dagen. Det er også gjort ein kjempejobb med sikringar i Korpberget, som også har kravd mykje ressursar, seier Dahl.

Tunnelen blir cirka 250 meter inkludert portalane. Vegprosjektet skal vera ferdig sist i oktober.

Store ressursar er brukt til sikringsarbeida som er utført ved Korpberget, dette er på nordsida, mot Vinstra. Foto: Rune Dahl, Statens vegvesen.