Nytt eigarskap:

Allard og Tjitske tek over Fagerhøy

Høgfjellsbedrifta Fagerhøy har vore i kontinuerleg drift i familien til Kikke Hovind sidan 1882. Nå er ein ny familie på plass som eigarar av fjellstua og leirskulen på Fagerhøy.

Kikke Hovind og familien overlet stafettpinnen på Fagerhøy til ein ny familie.  Foto: Bjørn Sletten/arkiv

Nyheter

Når nederlandske Allard Blanken og Tjitske Paerels signerte kjøpekontakt i starten av månaden, var det ikkje utan at dei hadde hatt prøvetid. Til Fagerhøy kom dei i 2008.

– Historia startar eigentleg ennå lenger attende, fortel Allard.

Dei rette folka

Kikke Hovind stolar på at han nå har gitt stafettpinnen til nokon som har det som skal til.

– Når nokon nå skulle overta, var dei absolutt rette folka. Det er viktig for meg at det held fram i same anden, seier han.

Les meir i Dølen torsdag