Dei nye planane er heller ikkje i strid med salsavtala med kommunen, og fordi det er to tomter knytt til Marienhø, opnar det også for seks leilegheiter. Dette var konklusjonen i Utval for plan og teknisk (UPT) i Ringebu 21. juni.

Dermed er Marienhø eiendom eit steg vidare med planane om eit nytt leilegheitsbygg, på tomta etter bygget som nyleg vart rive.

Kommunen som seljar

I saksutgreiinga til UPT er det likevel understreka at saken til UPT handlar om kommunas rolle som seljar av eigedommen, og har ikkje verknad for den planfaglege vurderinga og planavdelingas eventuelle handsaming av spørsmål om dispensasjon eller mindre endring av reguleringsplanen.

– Vi sender ut nabovarslar i desse dagar, og så snart svarfristen for desse er ute, sender vi inn rammesøknad for prosjektet, seier Roger Melgårdshagen. Saman med Jon Magne Lundbakken står han bak utbyggingsselskapet Marienhø eiendom, som i 2015 kjøpte eigedommen.

Kva er signalbygg?

Kommunen ønskte i utgangspunktet at kjøpar skulle bygge nye leilegheiter i det eksisterande bygget, og slik ta vare på arkitekturen. Det viste seg sidan at dette vart bygningsteknisk for vanskeleg. Det var dessutan allereie tinglyst rivingsløyve for bygget før salet.

I eit møte med kommunen tidlegare denne månaden la byggherre og arkitektane fram eit redigert utkast, der ein tek opp trekk frå dei gamle bygga, og formidlar dette i eit moderne formspråk. Det vart også peikt på problematikken ved å knytte omgrepet «signalbygg» til bustader og at bruken av dette ikkje er ein føresetnad for at noko skal bli god arkitektur.

– Eit forsøk på rein kopi av dei gamle bygga vil ikkje fungere som nokon garanti for særpreg eller kvalitet, heiter det frå arkitektane.

– Dermed har vi valt å ta att trekk frå dei gamle bygga, medan målet er å skape særpreg og god boligarkitektur, seier arkitekt Andreas Magerøy i RAM.

– Nå gler vi oss berre til å få sett i gang med å bygge leilegheiter, slik vi har planlagt heile vegen, seier Roger Melgårdshagen.

– Skal representere vår tid

Han legg til at han er glad for samarbeidet med RAM og er glad for deira tilnærming.

– Det er jo dumt om mine barnebarn skal sjå eit bygg bestefaren deira sette opp i 2017, men så ser det ut som det var sett opp i 1917. Dette bygget skal jo representere vår tid, seier han.

Denne skissa vart lagt fram for UPT 21. juni. Foto: Skisse frå RAM arkitektur