Oppdatering:

Kl. 10.45 er baksidevegen mellom Vinstra og Kvam stengt, på grunn av stor vassføring i Øla. Det melder vegtrafikksentralen.

Kl. 16.26 opplyser ordfører Ole Tvete Muriteigen at han har prata med politiet, som sier at Hundorp bru må stenges. Politiet var på stedet.

Særleg vassføringa i Gudbrandsdalslågen og sideelva Tromsa er utfordrande, melder Statens vegvesen.

- Ingen vegar i Midtdalen er stengt, men vi er framleis tett på med observasjon ved E6 på Fåvang, seier Asbjørn Stensrud til Dølen fredag ved nitida.

- Vi håpar det ikkje blir særleg mykje meire regn. Heldigvis ser det ut til at dei store mengdene som var meldt kjem til å passere lengre aust, seier han.

Leservideo av Jone Elisabeth Strand, teke i morgontimane fredag frå Lia på Sør-Fron:

Frå SVV si side er det på fylkesnivå ute 8-10 observatørar. I tillegg har driftsoperatørane ute mannskap og maskiner. I Midtdalen er det Stian Brenden maskinservice som driftar riks- og fylkesvegane ned til Frya, og Mesta i Ringebu.

- Vi følgjer med på begane både mot Laugen og sidevassdraga, og vi har også eit ekstra auge med fylkesveg 255, Skåbuvegen, seier Stensrud.

Vatnet nærmar seg faretruande E6 i Fåvang. Liv Bjerke tok dette biletet da ho var på tur på jobb fredag morgon. Foto: Liv Bjerke

Norges vassdrags-og energidirektorat melder på varslingstenesta varsom.no om oransje nivå, nest høgste nivå.

- Dette inneber ein alvorleg situasjon som hender sjeldan, krev beredskapsmessige førebuingar og kan medføra alvorlege skader, heiter det.

Jone Elisabeth Strand bur i Lia på baksida i Sør-Fron.

- Det er skummelt. Eg brukar vanlegvis ikkje å sjå Laugen godt frå huset mitt, men nå kryp den nærare, slik at eg ser den mykje bedre enn eg har lyst til, fortel ho. Strand har både filma og teke bilete av situasjonen på Sør-Fron i morgontimane fredag.

Kommunane i Midtdalen er i beredskap for å ta hand om situasjonar når og om dei kjem.

Starta før påske

- Vi har fokus på våre problemområde, og har vakt på plass. Vi følgjer med, så langt ser det ut til å gå bra, seier kommunalsjef Tom Nøvik i Nord-Fron.

Givra gjekk over breiddene onsdag, og der har kommunen gjort tiltak.

- Der har vi fått roa det litt. Ellers er det vanskeleg å unngå hendingar nå, med den snøsmeltinga vi har hatt etter høge temperaturar og vind i fjellet. Det er mykje vatn, konstaterer Nøvik.

Og flaumsikringa i Veikleåa i Kvam fungerer som det skal. Det skal i følge Nøvik vera berekna til å renne over den nedste botnlastsperra, når vassføringa blir høg nok.

Førebingar med opninga av stikkrenner undr dei kommunale vegane gjorde kommunen allereie før påske. Nå har dei vakt i beredskap, og har sørga for å ha tilgang til entreprenørar med gravemaskin i tilfelle det skulle bryte gjennom nokon stad.

Lesarvideo: Hilde Aspeslåen har filma Laugen i Kåja på Vinstra fredag formiddag:

Minkar i sidevassdrag

På Sør-Fron er situasjonen grei i høve til sidevassdraga.

- Det går greitt her, for vassføringa i sidevassdraga har heller minka enn vakse i løpet av natta. Laugen er stor, men ut over at den oversvømmer dyrka mark skapar det ikkje problem nå, seier kommunalteknisk beredskapssjef, Åge Øverjordet.

Han seier dei avventar situasjonen på to pumpestasjonar for kloakk, ved Klokkarstranda og Breivegen, samt vassverket ved Breivegen.

- Der har vi rutiner for kva vi gjer når vatnet kjem på eit visst nivå, og er klare for å setja i verk tiltak, seier han.

- Godt førebudd

Rådmann i Ringebu, Per Lervåg, seier dei er førebudd på flaum , og kanskje betre nå enn nokon gong.

- Det går ikkje an å si at vi har kontroll, men vi følgjer med og er i beredskap. Vi har gjort fleire førebuingar nå enn nokon gong, seier rådmannen.

Dei har vanleg operativ vaktordning på plass, og har rekvirert private entreprenørar kommunen har gjort avtaler med. Det er ikkje problem på kommunale vegar per nå.

- Det har vore mindre tilfelle, som har vore handtert fortløpande, seier han.

Oppdatering:

Nå er baksidevegen mellom Vinstra og Kvam stengt, på grunn av stor vassføring i Øla. Det melder vegtrafikksentralen klokka 10.45.

Kl. 16.26 opplyser ordfører Ole Tvete Muriteigen at han har prata med politiet, som sier at Hundorp bru må stenges. Politiet var på stedet.