Husflidslaget er ute i naturen for å hente inspirasjon og finne nye fargar dei kan bruke på garn. Og det var leiaren i laget, Solveig Orstad Teigen, som fekk tips om dei nye måtane å finne nye fargar på.

– Nå testar vi farging med navnelav og rabarbra. Med dette gjer Solveig noko vi aldri har prøvd før, fortel Borgny Sletten. Som meldem av husflidslaget, synes ho dette er spennande.

Navlelav er best å hente når det regnar, da sit det laust på steinane. Foto: Privat
Rabarbraen er lagt til tørk, og vil forhåpentlegvis gje fin, grøn farge. Foto: Privat

I salmiakk og vatn

I juni skal laget jobbe med plantefarging. Etter at medlemmane var ute og samla lav, i regnvær sjølvsagt, da lavet sitt laust på steinane, har det vorte lagt til i ei blanding av mellom anna salmiakk og vatn.

– Og rabarbraen ligg til tørking. Navlelaven gir oss raud farge, medan rabarbraen gir lyse grønt. Det skal ligge og godgjere seg i minst fire veker, fortel Teigen, som kan mykje om farging.

- Når vi fargar, skal garnet ligge opp mot kokepunktet i ca. ein time, og så kan det godt kjølne i suppa. Det kan fargast fleire gonger, for å få ljosare og lojosare fargar, fortel ho vidare.

- Raudfargen frå navlelaven syner allereie godt på den kvite bøtta, legg ho til.