Førre helg song ho i gågata under Multikulti, og sommarvarmen nådde 30 grader. I vinter lava snøen.

Sekstenårige Doa frå Istanbul, har det siste skuleåret vore utvekslingsstudent på musikklina vedVinstra vidaregåande skule. Musikken er viktig, og ho likar å synge.

– Men eigentleg syng eg mest for meg sjølv, seier ho.

Travel: Ein prat med Dølen før bandet og Doa skal spela på Multikulti, og etterpå dreg ho til Hamar og avslutningsfest saman med andre AFS-utvekslingsstudentar i Norge i år. Foto: Guro Vollen

Soul med mild tvang

Gjennom kulturskulen i Ringebu vart ho også ein del bandet med Edvart Myrløkken, Lars Lindvig og Edvard Gunstad. Dei har teke imot den nye vokalisten sin med opne armar, til trass for at Doa etter eige utsagn tvang dei til å byte sjanger.

– Eg tvinga inn litt meire soul, seier ho.

Bandet kallar seg rett og slett Doa nå, og med ho som vokalist er dei vidare til finalen i bandtevlinga Ubarket, under Tømmerstock-festivalen i Brumunddal i sommar.

Doa: Bandet kallar seg Doa etter vokalisten, og spelar den 30. juni finale på Ubarket under Tømmerstock-festivalen i Brumunddalen. Fv. Lars Lindvig, Edvard Gunstad, Edvart Myrlkken og Doa Ak. Foto: Guro Vollen

Seinare heim

Det gjorde at ho måtte utsetje heimreisa si med tre veker, men det er ho glad for. Norge og Ringebu har sett eit evig merke hjå den unge jenta frå Tyrkia, og ho håpar det skal gå an å koma attende hit for å studere.

– Det ønskjer eg verkeleg, for her trur eg eg har fått vener for livet. Eg visste ikkje kva eg skulle forvente, men det har synt seg å vera det beste, seier ho.

– Kva visste du om Norge før du kom?

– Eg visste ikkje så mykje. Eg hadde høyrd at Nordmenn er ganske reserverte folk, men på musikklina er det så opne og herlege folk, seier ho.

Sjølvsagt saknar ho dei fem i familien sin i Istanbul.

– Men eg har fått nærare vener her, enn eg har hatt før, seier ho.

Inntrykk: Mange fiska fort opp telefonen for å dokumentere bandet da dei spela under Multikulti laurdag. Foto: Guro Vollen

Lite stress

I vinter fekk ho oppleva skikkeleg kald vinter, og sjølvsagt vart det langrenn.

– Etter tredje turen gjekk det fint, fortel ho.

Vertsmor for AFS, Kirsten Luka Ronold, skryter av den unge vertsdotera si.

– Ho er utruleg talentfull. Ho har sikkert ikkje fortelt det sjølv, men ho fekk jo også høgste karakter på dans nå i vår, seier ho.

Livet i Istanbul, er eit ganske anna enn på bygda i Norge.

– Norge har overraska. Eg bur jo i ein by, og her er det heilt annleis. Det er meire natur over alt, og ikkje noko stress, seier Doa.