Så går det som vanleg slag i slag, med bilrebus, bokbad, underhaldning og stands, med mange ulike bidragsytarar.

Rock City

Fredag blir i dei unge rockarane sitt teikn, med workshop heile ettermiddagen.

Den skal munne ut i ungdomsarrangementet Fåvang Rock City Junior 2018.

– Det er eit samarbeid med kulturskulane i Ringebu, Øyer og ein rockeverkstad i Ringsaker, fortel Ole Johnny Myhrsveen i Total Production.

– Så langt har eg 26 sceneinnslag på blokka mi, seier Brede Vestby, rockeverksmeister i kulturskulen i Ringebu og medspelar til igangsettar Myhrsveen.

Tunge lyft og andeløp

Komiteen for Fåvangdågån er som vanleg rause med å lova ut godvær, for det plar ordne seg på Fåvang.

– Laurdag startar med frukost ved Kiwi, med underhaldning, fortel Øyvind Myhrsveen.

Styrkelyft

Utover dagen blir det langt tyngre tak å ta, da skal nemleg Moen-brørne, Ludvik og Hermann, og Hilde Mikkelsen Haugen, ha oppvisningsshow i Nesseskogen.

– Bra for publikum å få det på scena, og med ljos og lyd blir det ein bra arena for å syne fram sporten. Og når vi får med Hilde også, får vi vist fram at det absolutt er ein sport for damer, seier Ivar Moen, far til dei to velmeritterte styrkelyftbrørne frå Fåvang.

Samlar inn

Som i fjor kjem ein rosa traktor til å rulle inn i Fåvang. Karen på traktoren kjem frå Østfold på gråtassen med den spesielle farga, og samlar på turen inn pengar til kreftsaken.

– Også 50 prosent av inntektene frå aksjonen laurdag går til innsamlinga hans, seier Øyvind Myhrsveen.

Andeløp frå Den høye bro over Tromsa blir det også, og dei som følger endene ned Tromsa til Kvitfjelltunet havnar midt i Amcar-arrangementet til Fåvang Amcar-klubb.