Dermed fekk dei skyss med Jon Inge Dieset, som kjem einkomst til Fåvangdågån for å skysse ungar og andre rundt i sentrum. Nå kan ein betale meir enn ei krone, for Jon Inge samlar inn pengar til kreftsaken med doningen sin.

Innsamling

Dei to gutane kjem bort og lurar på kva ein tur kostar.

- Ei krone, svarar Jon Inge.

- Er det berre èi krone? Eg trudde det var meir, seier Olav Thulien Braastad (7), og Kristian Lindvig Evensen (7).

Dermed blir det tur. Bilutstillinga ved Kvitfjelltunet blir fyrste stopp.

Dieset fortel at fåvangingane under arrangementet i fjor var med å bidrog til at han kunne levere 100 000 kroner, til Rosa-sløyfeaksjonen i Kreftforeningen.

- Så ei krone er minsteprisen. Folk får betale kor mykje dei vil over det, seier han.

Om kapp med sola

Fåvangdågån kom, som lova av arrangementsgeneral Øyvind Myhrsveen, med strålande sol.

Amcar-utstilling som skein om kapp med  den blanke mammuten, råsterke jenter og gutar på bøttehalding, presisjonskast med pil og hestesko, andeløp og auksjon og loddsal og tombola. Biletserien syner litt av det som skjedde.

Fullt av folk var det også på årets Fåvangdågå. Til og med statsråden i Klima- og miljødepartementet tok seg ein tur innom. (Sjå sak under)

Fåvangdågån starta også allereie fredag, mellom anna med storhendinga Fåvang Rock City junior og over 25 innslag på scena. Band og vokalistar frå Ringebu, Øyer og Ringsaker sto på scena.