Skumparty i eit digert basseng gav ein del hutrande ungdommar etter kvart. Hans Kleiven og Sondre Skjeggestad Nord frå Vinstra hutra godt og var på veg for å finne seg tørre klede.

- Kjem de til å bli forkjøla nå da?

- Ja, men det er eg allereie, sidan i natt, seier Sondre.

Litt skumparty gjer det ikkje verre.

- Litt av greia med Kåja Camp er å gjera noko anna, noko du ikkje gjer til vanleg, seier Mari Grasbakken, leiar for Ung i Midtdalen.

- Vi er litt i ei boble her, og det er veldig moro. Og ungdommane er berre snille og greie, seier Tøftestuen.

Det er UiM, Nord-Fron ungdomsråd og Vinstra ungdomsklubb som steller til Kåja Camp. I år har 130 ungdommar frå heile Midtdalen vore med, med hovudtyngde på Nord-Fron.

Skumparty, standup, nattkino, morgonyoga, VR-spel, megafotballturnering, Vm-kampar på storskjerm, hoppeslott og tresafari er berre noko av det som har gått føre seg i løpet av helga.

Kåja Camp fyller ti år til neste år.