Tradisjonen tru er det nå tida for å brette ut kartet og gå på leit etter postar i nærmiljøet. Fleire av idrettslaga i Midtdalen er aktive innen tur- og trimaktivitetar, og har turorientering.

Kveldsbad?

O-gruppa i Tormod skilag tel mellom 15 og 20 aktive, desse har lagt ned ein stor dugnadsinnsats, der dei til saman har hengt opp 56 postar.

– Det er mange fjellpostar, og til andre turmål.Eg kan spesielt nemne tur tundt Vollsdammen, ei lita perle i krysset Fefor/Gålå/Sandseter, familievenleg og som ein kan sykle rundt. Her er det to postar som ein kan ta på ein fin kveldstur. Ta kveldsbadet og nynt medbrakt kaffe og niste, seier Tove Lillebråten, som har vore med i turorienteringsgruppa i åtte år.

- Nokre postar er på våre vanlege o-kart, da er det lagt opp til ei rundløype med seks postar. Men ein klypper så mange ein har tid og krefter til. Vi har også fellllesturar til sju turmål i løpet av sesongen, seier ho.

Nærmiljøet

I fjor var det 263 som kjøpte konvolutt med o-kart.

– Det er eie utfordring å finne nye og spennande turmål kvart år. Om vi lukkast er det opp til den enkelte turgåar å bedømme. Vi har så mane fine perler rundt oss, ein behøver ikkje reise langt for å finne det. Ein kveldstur ned i lysløypa og bading i Eidesand, det kan vere langt nok for dei minste i familien, seier Lillebråten.

- Om vi lykkast å få folk ut i nærmiljøet, så er det ein bra start, legg ho til.