Agnar Noralf Myromslien opplever ikkje ofte å bli forveksla med namnebrør. Dei er sjeldan vare.

- Berre 858 menn har Agnar som fyrste førenamn, i følge SSB. Du har ikkje mange namnebrør?

- Eg kjenner ein som har Agnar som millomnamn. Men ingen med Agnar til fornamn.

- Har du hatt noko kallenamn?

- Nja, eg har mange kallenamn, men det er mest på millomnamnet mitt. Men eg var «Panser-Agnar» ei stund da eg sparka fotball.

Spesiell og rar?

- Har du hatt vanskar med feil oppfatning av namnet ditt?

- Ja, eg må nesten støtt si opp att namnet når eg presenterer meg.

- Korleis funkar namnet utanlands?

- Går nesten betre utanlands, da blir det mr. Ægnør.

- Har du nokor artig historie som heng saman med namnet ditt?

- Ja, eg kjem nå i lokalavisa rett som det sprett!

- Veit du korleis du fekk namnet ditt?

- Da eg kom til, tykte dei nok at eg var spesiell og rar, så da vart det vel naturleg med Agnar ...

- Visste du om namnedagen?

- Veit om namnedagen ja. Da er det napoleonskake i matpausa au!

- Det var ikkje verst? Kva driv du med?

- Eg er fast tilsett i OM Bakken bygg. I kjellaren heime har eg Ruste Bilradio, og driv med bilstereo, det er ein stor hobby.