I 1868 vart hingsten Veikle Balder slept med hoppefølge i Sikkilsdalen.

I 2018 er det derfor 150-årsjubileum, og laurdag markerast dette med slepp av hingstar med kvar sine hoppefølge. Sommarens fjellregentar er dølahingstane Svangstu Fardølen og Morka Bron, og kaldblodstraveren Fjord Jerven.  Kvar hingst har ei kvote på 20 hopper.

Dei kjem til å gå i fjellet fram til slutten av august. Da venter ei jubileumshelg, med mellom anna fotturar i omgivnadene der hestane går heile sommaren.

Bak sleppet i Sikkilsdalen står Norsk Hestesenter.

– Fjellsleppet handlar ikkje berre om tradisjon og kultur, men er eit målretta avlstiltak for å bevare dei norske hesterasene. I tillegg er det mykje læring for hestane å gå i flokk i fjellet, seier Frøydis Barstad, kommunikasjonsrådgjevar i Norsk Hestesenter.

Det er Jens Tangen og hans hjelpar som er gjetar i Sikkilsdalen.

Det fyrste sleppet i Sikkilsdalen skjedde i 1868. Foto: Arkiv