Etter fem tidlegara byfestar, vel Nord-Fron kommune i år å flytte festen frå Nedregate. Den fyrste helga i september håpar arrangøren å skape folkefest på vestsida av Laugen, nærare bestemt ved Vinstrahallen.

Har hatt utfordringar

Det er fleire grunnar til at byfesten i år blir fløtt, og der er også gjort nøye vurderingar, fortel kommunalsjef Anita W. Heggestuen.

- For det første har vi i år eit litt mindre budsjett, og ved å arrangere byfesten ved Vinstrahallen får vi billigare arenakostnader. Dessutan ser vi fordelar ved å få festen inn på ein meir komprimert arena. Nedregate er lang og smal, og det har skapt nokre utfordringar for oss, seier Heggestuen, og nemner at dei mellom anna ikkje har klart å få til ei universell utforming, slik at også rullestolbrukarar kan kome seg fram.

Admiral P blir eit av trekkplastra under årets byfest. Foto: Philms PAB
Bandet Staut er blant hovudattraksjonane under årets byfest. Her frå da dei spelte på Countryfestivalen i 2016. Staut spelte også på årets Rondaståk. Foto: Tone Sidsel Sanden/Arkiv

Ny giv og utvikling

Som før er Vegard Moshagen kunstnerisk leiar. Han og ser mange fordelar ved å teste ut ein ny arena.

- Byfesten har vorte større enn vi tenkte. Vi ønskjer å få eit litt større mingleareal, og nå kan vi også køyre program samstundes på utescena og på scena i hallen. Vi trur at forandring kan skape ny giv og utvikle byfesten vidare, seier han, med bekreftande nikking frå resten av arrangørteamet.

Gjengen Dølen møter er nesten sprekkeferdige etter å avsløre årets program.

- Programmet blir under same lest som før, smiler Moshagen.

- For det fyrste vil vi bruke byfesten til å vise fram lokale talent. Dei lokale banda Hillbabies, som er eit hyllestband til Hellbillies kjem, det same gjer vinstravær Terje Bjørkheim sitt band, Sinsenfist. Elles blir det eige talkshow, "By night med Terje Bjørkheim og Bjørn Sletten". Laurdagskvelden kjem Staut og Admiral P, band vi meiner vil treffe eit breitt publikum, fortel den kunstneriske leiaren.

Gammaldansen vil også få ein sentral plass på årets byfest.

- Den er ein viktig del av kulturarven vår, og fortener å få ein stor plass på byfesten. I år får vi også dansegolv inne i Vinstrahallen, seier Moshagen.

Vegard Moshagen gler seg til å prøve ut ein ny byfestarena. - Med så mykje folk har det vore i grenseland forsvarleg å arrangere i Nedregate. Eg trur at vi nå får eit mykje betre mingleareal, seier han. Foto: Tone Sidsel Sanden
Det blir i år byfest både ute og inne. Sjølve hovudarenaen skal vere ute på plenen, med hovudscena vendt mot hallen. Grusplassen skal brukast til parkering. Foto: Tone Sidsel Sanden

Smørebussen kjem

I år blir det også ei eiga bymesse laurdag, med prest Terje Elevestad på byscena. Marknad, med utstillarar, matboder og lag- og organisasjonar blir, som alltid, ein vesentleg del av arrangementet.

Med i arrangørteamet er også Sparebank 1 Gudbransdal ved assisterende banksjef, Trond Slåen.

- Vi har ei samarbeidsavtale med Norges skiforbund, og dette gjorde at vi i år klarte å få smørebussen til skilandslaget til byfesten. I bussen blir det aktiviteter å vera med på, mellom anna kan ein prøve stakemaskin. I tillegg blir Sigrid Rykhus med for å ha utetime med mange ulike aktivitetar, fortel Slåen, som også kan avsløre at ein landslagsutøvar vil vere med på turen.

- Kven dette er veit vi ikkje ennå, men den som kjem vil også halde foredrag, seier han.

Willy Heimstad og Gudbrandsdalsløpet arrangerast likt med byfesten. - Positivt at den flyttes, meiner Heimstad. Foto: Tor Larsen/Arkiv

Gudbrandsdalsløpet same helg

Gudbrandsdalsløpet vert også dette året arrangert som ein del av byfestprogrammet. Det meiner Willy Heimstad i Gudbrandsdal Motorvognklubb er positivt.

- Vi har som før start ved Peer Gynt kjøpesenter, og med at byfesten blir på denne sida av elva, får vi kanskje eit enda større publikum. Vi har rundt 120 bilar til start i løpet, med både to og tre passasjerar i kvar bil, fortel han. Løpet i år går om Fåvang, med innlagt stopp der, i tillegg til fire andre stoppar undervegs.

Fungerande ordførar Anne Sletten (t.v.) og kommunalsjef Anita W. Heggestuen trur at arealet på 3000 kvadratmeter vil gjere byfesten til ein trivlegare fest. Foto: Tone Sidsel Sanden

- Minst like god byfest

I år er budsjettet for byfesten på 200 000 kroner. Det har gått frå 500 000 kroner, ned til 300 000 kroner i fjor, til årets kostnadsramme.

- Sjølv om kostnaden har gått ned, så betyr ikkje det at kvaliteten på programmet blir dårligare. Vi skal få ein minst like god byfest, seier fungerande ordførar, Anne Sletten.

Ho ønskjer seg attendemeldingar frå publikum som deltek på festen.

- Å ha festen ved Vinstrahallen har vore eit alternativ i alle år, og eg meiner det er flott at vi på Vinstra har molegheiten til å halde byfest på fleire plassar. Ut i frå byprosjektet er da også bykjerna strekt opp i heile området som favnar om Lomoen og deler av Nedregate, så det har ikkje noko med kor vi ønskjer å ha sentrum å gjere. Vi ser denne arenaen som verdt å prøve ut, seier Sletten.

Anita W. Heggestuen og resten av gjengen håper å skape nok en folkefest under byfesten.

- Dette er ein fest som skal vere for alle. Vi skal vise fram det vi er stolte av, og gjere folk stolte av å kome frå Vinstra. Nå har vi teke sjansen på å fornye oss og prøve noko nytt. Vi tru at dette vil bli ein kjempefin arena, slår ho fast.

Hallen skal brukast under byfesten, men hovudarenaen skal vere ute, med scena vedt mot hallen. F.v.: Fungerande ordførar, Anne Sletten, leiar for Gudbrandsdal Motorvognklubb, Willy Heimstad, kommunalsjef Anita W. Heggestuen, assisterande banksjef i Sparebanken 1 Gudbrandsdal, Trond Slåen og kunsterisk leiar Vegard Moshagen. Foto: Tone Sidsel Sanden