På Grøntuvsetra er det dessutan storfe i fjoset att - om enn på ein annan måte enn da kua sto på båsen. Nå heng biletkunst frå Ragnhild Slåen på veggane, deriblant fleire bilete med kalvemotiv.

Valsetergrenda, med Solbråsetra, Grøntuvsetra og Rudisetra, har arrangert seterdagen i mange år.

- Det plar vera mykje folk, og ei god, roleg stemning. I år treffer vi kanskje den eine dagen på heile sommaren med lite regnvær, men det har også vore regn på seterdagen før, hugar Arild Skar.

- Gråtass og mjølkebilen går i skytteltrafikk og Valseter galleri opnar årets sommarutstilling.Handverkarar er i sving, det er ope på Solbraa setermuseum og det er seterkafé med rummegraut, melder Rudi gard, som er ein av arrangørane.

Opninga av seterdagen skjer ved leiar i Oppland Bygdekvinnelag, Laila Strand Nilsen, på Grøntuvsetra. Da skjer også galleriopninga, og det blir sang ved Emma Wassrud. Galleriet med utstillinga til Slåen er for øvrig ope kvar dag fram til 12. august.

Mjølkebilen fraktar folk til seters frå parkeringa ved teaterarenaen heile dagen.