Ann Kristin Pålsøygard, som er dagleg leiar ved Bunnpris Fåvang, stadfester stenging 1. september, og seier dei tilsette er varsla.

- Meir enn det vil ikkje eg seie, alt det må eg vise til distriktssjef Kai Arild Myrold om, seier ho.

Myrold er på ferie, og viser til Reidar Sandøy ved hovudkontoret for Bunnpris Møre.

Det er Bunnpris Møre med hovudkontor i Molde som eig butikkane i Gudbrandsdalen.

- Med det befolkningsgrunnlaget som er i nærleiken, blir marknaden alt for liten til tre aktive matbutikkar, seier Sandøy.

Ikkje nok folk

Han peikar også på trafikkstrukturen, der vegen går utanom sentrum, som ein faktor for at marknaden blir for liten, sidan ein ikkje greier å få folk til å stoppe innom. Dermed  vart KIWI-etableringa i fjor kroken på døra.

- Det er rett og slett ikkje nok folk til å halde i gang tre butikkar, seier han.

Dei tilsette har fått varsel om korleis avviklinga skal skje, og beskjed om atdesse arbeidsplassane desverre blir borte, i følge Sandøy. Han har ikkje konkrete tal, men meiner det dreier seg om 6-7 tilsette.

- Kva med butikken dykkar på Ringebu, vil det bli endringar der?

- Nei, butikken i Ringebu er det ikkje endringar ved. Det er også Ann Kristin Pålsøygard som er fngerande butikk sjef der, etter at den førre sjefen slutta for nokre månader sidan, seier Sandøy.

Vi har så langt ikkje greid å koma i kontakt med tillitsvald for butikken på Fåvang.