Kongsli hadde ingen planer om å kjøre konkurranseløp i år. Men da han starta i fyrste løpet i år for moro skyld i mai, vann han like godt. Og dermed vart det vanskeleg å gje seg.

I dag hala vinstraguten i land ein ny seier i 3. NM-runda i crosscart på Hamar.

- Seier er heilt topp, i alle fall når dagen starta med krasjrulling, seier Kongsli på melding til Dølen laurdag kveld.

- Dramatisk?

- Ja, litt dramatisk var det. Eg leia i 1. heat og bomma på inngangen i alternativsporet. Traff ein dekkstabel og landa oppned. Men slapp heldigvis unna store skader. Det vart seier i både andre og tredje innleiande heat, og fullt hus i finala, seier ein toppnøgd crosskartførar.

Nok eit trofé blir med heim. Foto: Privat