På vegne av Ringebu kommune har Gudbrandsdalsmusea kartlagt alle låver og løer utover vollane og øyene i Ringebu kommune. Nokre er brukt til lagring, andre står der med rundballar utanfor og minner om at bruken har endra seg.

Viser ei anna driftsform

Låvane som står att i dag er av varierande alder.

–Mykje her er gjenbruk, det er tømralåver, bordlåver og tekkinga er både skifer og bølgeblekk, seier museumsdirektør Torveig Dahl.

Ho og registrator Oddleif Ringlund har kartlagt til saman 36 låver og utløer, og er imponert over variasjonane og kor mange låver som står att. Museet tilrår kommunen i sin rapport å setje i gang ein fredingsprosess for tre av låvane.

– Her er det også materiale til eit større forskingsprosjekt, meiner Dahl.

Kulturminnevandringar og ryddedugnad er idear dei ser for seg kan bidra vidare til ei bevisstgjering av verdien til dette kulturlandskapet med låvane intakt.

Landskapet: Låvane har sin verdi i kulturlandskapet dei står i, og som fortel om bruken av dei verdifulle flaummarkene i kommunen. Alle

Heile vernespekteret

Kulturminnerådgjevar Ingebjørg Øveraasen driv Bygningsvernhuset på Fåvang, og har levert høyringssvar i samband med kulturminneplanen.

– Eg tykkjer det er veldig bra, og viktig for bevaring og for vidareføring av både kunnskap og opplevingar. Oppland har allereie mange freda kulturminne, og eg trur ein kan oppnå det ein ønskjer også utan freding, seier ho.

Synleg: Mange av låvane langs dalbotnen i Ringebu synes godt og fortel om ei anna driftsform i landbruket. Ringebu kommune skal ta stilling til om nokre av dei bør få vernestatus.

Henta med slede

På Forkalsrud, rett imot dei store øyene sør for Frya, bur Jon Ødegård. Lokalhistorikaren eig ein av låvane som har vore kartlagt i prosjektet.

– Nedteikningar i etterkant av Storofsen i 1789 syner at det var stor bruk av flaumvollane allereie før den tid, seier lokalhistorikar Jon Ødegård.

Det var rapportar om tre alen, nærare to meter, med lausmasse att etter flaumen.

Frå Megarden Nordrum på Kjønås var «tre høylåver bortført».

– Det var vanleg med utløer og låvar på all jord i litt avstand til garden, for å berge høyet, seier han.

Det gjorde det også mogleg å hente for på øyene om vinteren, når elveisen låg.

Viktig: Berginga av for på vollane og øyene har vore viktig langt attende, slårJon Ødegård fast. Lokalhistorikaren har sjølv vore med på henting av for med hest vinterstid, frå låve på vollen.

Jernbana endre landbruket

Ødegård har sjølv har vore med på å hente høy frå låve nedpå vollen med hest.

Dei største endringane trur han kom da bøndene i Gudbrandsdalen måtte legge om frå korn, i samband med at jernbana kom til Røros, og deira tidlegare ettertrakta varer fekk konkurranse frå polsk og ukrainsk korn.

– Da kan vi prate om landbrukskrise, seier han.

Bøndene fekk behov for meire grovfor til større buskapar, og jorder vart dyrka opp der det før var slått på natureng.

– Dette var og er viktige areal for gardane i Ringebu, noko låvane og løene syner , seier Ødegård.