Hennar genser fekk flest stemmer da juryen kåra Kvamsgenseren nyleg. Innleveringsfristen, den absolutt siste, var 20. august.

I følge arbeidsgruppa bak konkurransa, vil det bli nokre forandringar på borden nede og på ermane av vinnarutkastet, men Rondane vil bestå. Allereie nå er Solveig Olstad Teigen er i gang med å lage mønster.

Og sjølsagt er det naturlege lanseringstidpunktet midt under NM i saueklypping i Kvamshallen i oktober.

- Vi kjem til å vise fram genseren under NM, og skal også ha klare garnpakker og mønster for dei med strikkedilla, lovar prosjektgruppa bak genserkonkurransa.

Gruppa fortel at det har kome inn så mange fine forslag et det kjem til å bli jobba vidare med mønster til desse, så det kan bli fleire gensarar og trøyer etter kvart.

- Det neste prosjektet må bli ei strikkebok frå Kvam, konkluderer dei.

Dei som har vore med i gruppa er Eli Sperstad Dahl, Anne Marie Klevstadlien, Solveig Orstad Teigen, Anita Randen Sletten og Hanne Britt Jacobsen.