Opplagstala er klare:

Dølen er i vekst

Opplagstala frå Mediebedriftenes landsforening (MBL) tysdag, syner at Dølen har gått forbi Fjuken, og er størst av lokalavisene i Gudbrandsdalen.

Redaktør og dagleg leiar i Dølen, Tone Sidsel Sanden, har ambisjonar om å fortsette å lage god lokalavis for alle midtdølar.   Foto: Guro Vollen

Landslaget for lokalaviser er organisasjonen for over 100 av lokalavisene.  Foto: Landslaget for lokalaviser/illustrasjon

Nyheter

Tala vart presentert av MBL og LLA tysdag,  og dei nye opplagstala gjeld for fyrste halvår 2018. Det er nytt frå i år at opplagstala skal bli kunngjort to gonger i året.

Auke og digital satsing

Dølen har nå eit opplag på 3691 abonnentar. Utviklinga frå i fjor er på 3,45 prosent auke.

- Dette er gledelege tal for Dølen. Det viser at vi klarer å lage avis som mange vil lesa, anten det er på papir eller på nett, eller gjerne båe delar. Det er motiverande å sjå at tala peikar i riktig retning, seier redaktør og dagleg leiar i Dølen, Tone Sidsel Sanden.

Ho seier vidare at avisa har eit mål om å skrive saker som engasjerer og som opptek folk i kvardagen.

- Så ønskjer vi også å setja søkeljoset på kritikkverdige område. Det er vår oppgave å vera vaktbikkje. Vi vil vera mest mogleg tilstades og vera ein medspelar til å lyfte det positive ved området vi bur i, samstundes som vi også skal avdekkje det som ikkje er så bra, seier ho.

Ho peikar på at Dølen i løpet av tida sidan vi fekk betalingsløysing på nett i juni 2017, har greidd  å bygge opp gode lesartal på nett. 

- Sjøl om lesertala går sakte med sikkert ned på papir, ser vi og at mange framleis set pris på å få Dølen i postkassa. Som lokalavis har vi fått ei heilt anna moglegheit til å være fyrst ute med nyheiter, og vi kan vera aktuelle på ein helt anna måte nå, enn før vi fekk betalingsløysing på nett. Nå jobber vi meir som ei dagsavis. Det er viktig at dei som abonnerer på papir også registrerer seg på nett, så får dei full nytte av abonnementet sitt, oppmodar ho, og avsluttar:

- Vi skal fortsette arbeidet med å lage god lokalavis for Midtdalen, og forhåpentligvis fortsette å vekse. 

Nye tellemåtar

Lokalavisene Dølen, Fjuken og Vigga aukar alle, men det er med den nye digitale alderen nye modellar for telling av abonnement, slik at tala ikkje heilt vil kunne jamførast med tidlegare år.  Til saman har desse tre avisene, som tilhøyrer same konsern, 9486 abonnentar.

Lokalavisene står også sterkt over heile landet, og folk les det journalistiske innhaldet både på papir og nett. Landslaget for lokalaviser (LLA) er organisasjonen for over 100 av lokalavisene i Norge. Desse fådagersavisene har nå eit netto opplag på drugt 331.000 eksemplar. Over tre fjerdedelar av opplaget er digital-abonnement, der lesarane får tilgang til alt innhaldet både på nett og papir.

Samstundes som også LLAs aviser blir lese stadig meir på digitale plattformer, står papirutgavene seg framleis godt. Lesarane og annonsørane ønskjer å få lokalt innhald både på nett og papir.

I følge tal som Sigurd Høst ved Høgskulen i Volda nyleg la fram, er det 40 fleire fådagarsaviser på papir i dag enn for 30 år siden.

– Det viktigste for lokalavisene er å tilby relevant og truverdig innhold i lokalsamfunnet, uavhengig av plattform. Godt journalistisk innhald og produktutvikling gjer lokalavisene til attraktive mediekanaler både for lesarane og annonsørane, seier LLAs styreleiar Tomas Bruvik i ei pressemelding i samband med opplagstala.