Sondre fekk lære av Sindre

Sondre Joten Thulien fekk vera med speedklyppingsvinnar Sindre Myhrsveen på podiet og prøve sauesaks for fyrste gong laurdag.
Nyheter

Det ser ikkje ut til å vera fare med rekrutteringa for Midtdalen, for omkring podiet i Nesseskogen park var det mange under ti år som fekk lyst til å prøve sauesaksa.

- Eg har ikkje prøvd å klyppe før, men eg kjem heilt sikkert til å prøve det meir når eg blir større. Vi har sauar heime, forklarte Sondre (7 og eit halvt) til Dølen.