Forsiktig med svensk uttale

Takka vere bestemødrene slapp Frank Asle Mathiesen å få vedhenget «Filibom-bom-bom» etter namnet sitt.

Dobbeltnamn: Frank Asle Mathiesen er forsiktig med svensk uttale på mellomnamnet sitt.  Foto: Privat

Navnedagar den neste veka

Frans er eit nederlandsk, skandinavisk og finsk mannsnamn med opphav i latinske Franciscus som tyder «franskmann». Frank er engelsk variant.

  • Fredag: Brynjar, Boye og Bo
  • Laurdag: Målfrid og Møyfrid
  • Sundag: Birgitte, Birgit og Berit
  • Måndag: Benedikte og Bente
  • Tysdag: Leif og Liam
  • Onsdag: Fridtjof, Frida og Frits
Nyheter

To bokstavar berga Frank Asle Mathiesen frå å få det evige vedhenget «Filibom-bom-bom» til namnet. I staden fekk to bestemødre kvar sin bokstav oppattkalla.

– Du fekk ikkje det namnet som fyrst var tenkt?

– Nei, og det er eg glad for, sidan eg voks opp på åttitalet med Ole-Aleksander på barne-tv.

–Har du vore kalla noko anna oppigjennom?

– Ikkje som eg kan hugse. Men eg vart ganske vaksen før eg tok til å bruke mellomnamnet mitt.

– Er det ein grunn til det?

– Var veldig forsiktig med det da eg jobba med svenskar i reiselivet, for å seie det slik. Med svensk uttale blir det litt uheldig. (Arsle)

– Namnet betyr franskmann; føler du deg litt fransk?

– Eg kan kjenne meg litt fransk i matvegen, kanskje? Når det ikkje er tradisjonsmat vil eg gjerne ha mat som er litt sydlandsk.

– Var det mange med same namn da du voks opp?

– Eg kan ikkje hugse at det var nokon, nei.

– Har du vore nøgd med namnet ditt?

– Ja, så lenge eg held meg til Frank, går det greit dei fleste stader i verda.

– Namnedagen visste du ikkje om?

– Nei, det er ikkje slik som blir feira så veldig mykje.