Friske seniorar

Ekte treningsglede med seniordamene: - Dette er nå mest til å få strekk av!

Kvar tysdag og torsdag møtast rundt 15 seniordamer til trim på treningsstudio på Vinstra. Fellesskapet gjer det lettare å halde seg i form, og gjer dørstokkmila noko stuttare.

Spreke: Kvar tysdag og torsdag samlast ein gjeng damer til eigen seniortrim på Frisk i Fron. Dei er einige om at dette gjer godt for både kropp og sjel: Her blir dei sterkare, men får også anledning til å vere sosiale med gode treningsvenninner. Alle foto: Tone Sidsel Sanden. 

Nyheter

Over høgtalaranlegget flaumar countrymusikken, før Dire Straits tar over. I treningssalen på Frisk i Fron tar dei elleve damene ekstra i til fengande musikk, og på instruktør Kristin Nesset sine oppfordringar.