Historisk nominasjonshelg for Innlandet

Til saman ni midtdøler er innstilt på nominasjonslistene til dei to største partia i Innlandet, før helgas historiske nominasjonsmøte.

Historisk Nominasjon til nytt fylkesting - Innlandet. 

Nyheter

For fyrste gong skal det nominerast kandidatar til Innlandet fylke. Laurdag skal både Arbeiderpartiet og Senterpartiet velja sine til val på historias fyrste Innlandet fylkesting.

Oppland har sikra seg topplasseringa både hjå Sp og Ap, med høvesvis Aud Hove frå Skjåk og Even A. Hagen frå Lillehammer.

For Midtdalen slår det meir ujamnt ut hjå dei to partia. Medan Arbeidarpartiet har seks kandidatar frå Nord-Fron, Sør-Fron eller Ringebu, kan Senterpartiet skilte med berre halvparten. Nominasjonsmøtet til Senterpartiet blir halde i Ringsaker, medan Arbeidarpartiet har nominasjonsmøtet på Lillehammer.

Desse er på listene frå Midtdalen:

Arbeiderpartiet:

17. Erik S. Winther Ringebu 1942

20. Anne Sletten Nord-Fron 1979

33. Martin Været Sør-Fron 1998

45. Håkon Hermansson Nord-Fron 1982

48. Julie Holtesmo Sør-Fron 1993

49. Morten Randen Nord-Fron 1955

Senterpartiet:

6. Olav Røssum 56 år Nord-Fron

14. Turi-Elise Kaus 52 år Ringebu

37. Ole Tvete Muriteigen 49 år Sør-Fron