Testar formen på Gålå

I Andorra er ski synonymt med alpint, og det er berre ein stad i det vesle fjellandet der det er lagt til rette for langrenn.

Skryt: Dei var her i fjor også, og kom fyrst av alle lag til Gålå for å delta i norgescupen att i år. Trenar Joan Erola, Ol-løpar Irineu Esteve og juniorløpar Carola Obiols er spydspissane i langrennssporten i Andorra. Gålå passar teamet perfekt, fortel dei.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Men interessa er stigande, mykje på grunn av resultata til Irineu Esteve, som i vinter kom heim med ein 27. plass frå OL i 15-kilometer fristil. På Gålå vart det tiandeplass på fristil fredag, og 34. plass på sundag.

– Eg starta med langrenn som femåring, men likte det ikkej. Så eg køyrde alpint til eg var 14, da vart eg med foreldra mine på langrenn att, og da vart det artig, fortel han.