Gammelbanken som kom frå Kvam

Moderniseringsprosessen på bygda har vore kalla «Det store hamskiftet». Ein følge var òg at det vart meir kontantar i omløp. Pengeøkonomien vart dominerande. Dette bidrog til etableringa av Nord-Fron sparebank i 1862.

Banken: Gammelbanken, her som både bank og kommunestyresal. Våningshuset til Nordre Byre ved sidan av. I bakgrunnen over elva ser vi Prestegarden. Området vart på denne tida også kalla «Kommunegaarden». 

Nyheter

Frå midten av 1850 og framover gjekk Gudbrandsdalen igjennom store endringar. Jordbruket gjekk frå å vere basert på sjølvberging til å bli eit salsjordbruk. Ysteria og slakteria vart etablert, og jernbana braut seg veg gjennom dalføret. I tillegg oppstod det enkelte innslag av småindustri.

Bank på flyttefot

Banken var ein temmeleg enkel institusjon til å begynne med, og kravde ikkje store plassen. Ødegårdsstuen (Bøygen Camping) var vert for banken i dei tidlege åra, av den enkle grunn at det var der kasseraren budde. I tillegg heldt kommunen møta sine der, og det var «sundstad» der, slik at folk kunne ta seg over Laugen. Seinare hadde banken tilhald i Haanshusgården i Nedregata på Vinstra.