Bil havna på taket

Ein personbil skal ha havna på taket i nærleiken av Kvam, i følge politiet på Twitter.
Nyheter

Politiet la ut meldinga klokka 10:46 måndag, og meldte at naudetatane var på veg til ulykkesstaden ved fylkesveg 312. Ved operasjonssentralen opplyser dei at det var ein personbil involvert, og at det skal ha vore ein person i denne bilen. Politiet var ikkje framme på staden ennå klokka 10:53, og hadde ikkje fleire opplysningar.

Klokka 12:09 melder politiet at personen er oppegåande, men klagar over ryggsmerter, og blir køyrd til legesjekk.