Solceller og plass til fleire elevar

Elevane ved Vinstra vidaregåande skule har jobba inn over hundre tusen kroner i årets Sierra Leone-aksjon.

Direkte: Elevane ved Vinstra vidaregåande skule driv skule i Sierra Leone. Saman med Gausdal vs. og Lillehammer vs. sør og nord kan dei følge pengane dei har tent inn heilt fram til det konkrete målet. foto: Guro Vollen 

Nyheter

Aksjonen 7. og 8. november handla om å få inn midlar til Lillehammer Secondary School i Sierra Leone, ein skule bygd og drive på midlar frå Vinstra vidaregåande skule, Lillehammer vidaregåande skule Nord og Sør og Gausdal vidaregåande skule.

– I år går pengane vi samlar inn til solcellepanel og 150 nye pultar og stoler, fortel komitemedlemmane Oda Nyhus Aanekre, Emil Petter Rolstad, Cecilie Rundtom og Elise Teige.