MGR hentar ikkje plastsekkar som ikkje er knytt og sett fram - åtvarar mot auka gebyr

MGR har sett seg nødt til å sende ut påminning til abonnentane om å knytte plastsekkane før henting. I førre veke gjekk det ut SMS, og nokre av abonnentane har vore i kontakt med Dølen.

Plastretur: Slik ser det ut når renovasjonsbilane har henta papir og plast; plastsekkane ligg mellom papp og papir, og blir sortert kvar for seg på anlegget til MGR på Frya. – Det er derfor det er så viktig at sekkane er attknytte, seier Geir Ove Kolobekken i MGR.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Avdelingsleiar Geir Ove Kolobekken ved MGR seier at det er gode grunnar til at sekkane skal vera knytte att. På ei henterunde kan det vera bortimot 400 stopp for renovatørane.

– Dersom vi skal løsne sekkar som er fastknytt, for så å knyte dei att før vi kan kaste dei oppi bilen, blir det ei veldig lang runde, seier Kolobekken.