I politisk medvind: - Det kan godt tenkjast at rovdyrpolitikken gjev utslag

Senterpartiet melder om kraftig auke i medlemsmassen på nyåret, og meiner auka skuldast motstand mot regjeringas sentraliseringspolitikk. Professor Jon Helge Lesjø trur heile opposisjonen nyt godt av den politiske situasjonen ved regjeringsutvidinga.

Rovdyr:   Foto: Tor Larsen/arkiv

Nyheter

Det kan vera ei rimeleg tolking, meiner professor Jon Helge Lesjø ved Høgskolen i Innlandet, fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap. Han meiner også det kan vera utslag av ein medvind for heile opposisjonen, i samband med ny regjering og regjeringsplattform.