Tog og buss saman i nytt transportselskap

NSB-konsernet, som ikkje lenger eig korkje tog, skinner eller stasjonar, har skifta namn.

  Foto: pressebilete/NSB

Nyheter

NSBs busselskap nettbuss, og togverksemda til NSB, blir slått saman i eit nytt selskap. Det skal heite Vy, og skal operere i Norge og Sverige.

- NSB-konsernet er i endring og samlar tog- og bussverksemda i Norge og Sverige under en ny, felles merkevare: Vy, skriv konsernet i ei pressemelding tysdag.

Felles identitet, ikkje lenger "statsbaner"

Den nye merkevara gjev tog og buss felles identitet og syner kundane at NSB blir noko nytt. Vy betyr utsikt og oversyn og blir brukt om å ha ambisjonar – store vyer.

- NSB-konsernet kjører tog og buss i Norge og Sverige og har Norges største busselskap, Nettbuss. Nå koplar vi tog- og bussverksemda tettare saman. Da treng vi ei ny, felles identitet. NSB er ikkje lenger eit dekkande navn på verksemda, sier styreleiar i NSB, Dag Mejdell i følge pressemeldinga.

NSB er nå eitt av fleire togselskap som konkurrerar om å køyre tog.

- Styret har arbeidd med saken over lang tid, og eit samlet styre støttar vedtaket, sier Mejdell.
Framlegget til nytt navn vil bli behandlet på ekstraordinær generalforsamling i NSB AS 22. mars. Når nytt navn er vedteke, vil kundane til NSB og Nettbuss gradvis sjå nytt utsjåande tog, bussar og bybilar, ei felles nettside for tog og buss, og nye uniformer.

Godstogselskapet CargoNet, som er ein del av NSB-konsernet, beheld si merkevare.