Rasmus Kjorstad tildelt minnepris

I år er det 30 år sidan Øivind Bergh sin minnepris var delt ut for fyrste gong. Rasmus Kjorstad er eit av to unge talent som får prisen.

Vinnar: Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron er ein av to unge fiolinistar som får minneprisen i år.  Foto: Johannes Selvaag

Vinnar: Helga Myhr og Rasmus Kjorstad peler saman i bandet Morgonrode.  Foto: Kyrre Lien

Nyheter

I år vert Øivind Bergh sin minnepris delt ut for 30. gang. Prisen skal gå til unge, lovande fiolinistar, og dei to vinnarane får 20 000 kvar i prispenger.

Dei to utøvarane er begge i norgestoppen innanfor folkemusikken og heilt i front i samband med utviklinga av sjangeren. Juryen satt til slutt att med to namn på blokka, men sidan 2019 er eit jubileumsår, valgte den å dele ut prisen til begge utøvarane.


Lokal prisvinnar

Den fyrste prisvinnaren er sørfrøning Rasmus Kjorstad. Denne våren fullfører han folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskule i Oslo.

Heilt sidan ungdomsskulealder har han interessert seg for slåttespelet og historiene knytt til tradisjonen i Midt-Gudbrandsdalen.

I 2016 kom plata «Pusinshi Ulla», som Kjorstad gav ut saman med bror Hans P. Kjorstad. Året etter stod dei to brørne, saman med Hans Hulbækmo og Anders Erik Røine, bak tingingsverket «Reolô».

Kjorstad er nå aktuell med folkemusikkbandet Morgonrode, som slepp debutplata si seinare i vår og i bandet til Torgeir Vassvik, som kjem med si plate i sommar.


Øivind Bergh sin minnepris
  • Øivind Bergh var fiolinist og dirigent. Han var mellom anna delaktig i etableringa av Kringkastingsorkesteret og var dirigent for orkesteret i 30 år.
  • Prisen har sidan 1989 vorte delt ut i samband med Peer Gynt-stemnet på Vinstra.
  • Bergh fekk Peer Gynt-prisen i 1976. Han vart fascinert av lokale spelemenn, og året etter at han gjekk bort, vart minneprisen oppretta.
  • Blant tidlegare mottakarar er Annbjørg Lien, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, Åse Teigland, Øystein Rudi og Sonoko Miriam Welde. 

- Inspirerande

I tillegg til Kjorstad, får også hardingfelespelar og kvedar Helga Myhr pris. Ho kjem frå Ål i Hallingdal og avsluttar studiene ved Norges musikkhøgskole denne våren. Ho har mellom anna gitt ut to plater i lag med vokalgruppa Kvedarkvintetten og er for tida, i likhet med Kjorstad, plateaktuell med Morgonrode.

- Dette synes vi er stas. Det er stort å få ein pris som så mange dyktige musikarar har fått før oss, og inspirerande at folk ser det ein driv med. Prisen gir oss motivasjon til å fortsette arbeidet med folkemusikken, uttalar prisvinnarane i ei pressemelding.

Prisen vert delt ut i samband med Peer Gynt-festen på Vinstra.

Juryen består av representantar frå familien Bergh, Kringkastingsorkesteret, FolkOrg og Peer Gynt as.


Folkemusikk og hardcore

Stiftinga G-Kultur blir avvikla i 2020. Fleire midtdølar fekk pengar i den siste søknadsrunden.