Administrasjonssjefen om ulovlig seterpåbygg og inhabilitet: – Vi har lært av dette

Og det har vore krevande, innrømmar Sandbu. Nord-Fron kommune tek med seg nyttig erfaring inn i det vidare arbeidet med mellom anna administrativ organisering, fortel han.

Har lært: Administrasjonssjef i Nord-Fron kommune, Arne Sandbu, fortel til Dølen at alle erfaringar med inhabilitet, og også sakea om tilbygg på setra til avdelingsleiar i kommunen, er viktig å ha med seg framover. Arkivfoto: Bjørn Sletten. 

Vi må gjere ein god jobb i forhald til at vi har mange grunneigarar som har interesser i kommunen.

Arne Sandbu
Nyheter

Tidleg i mars fekk Hanne Hvattum, som er avdelingsleiar for plan og byggesak i Nord-Fron kommune, pålegg frå Nasjonalparkstyret om å tilbakeføre seterhuset ho eig til opprinneleg tilstand.