Gudbrandsdal energi søker konsesjon for ny straumkabel

GE møter motstand for forslag om å hogge ny kraftgate i dalsida

Dei gamle straumkablane mellom Harpefoss og Ringebu er ein flaskehals for straumleveringa nedover Gudbrandsdalen. Nå vil GE byggje ny line, og helst i ny trase. Det møter motstand i Sør-Fron.

Skepsis: Mari Elise Sveipe (nr. 2 frå venstre) med vesle Henrik, er skeptisk til å fjerne skog geologar seier ho bør behalde. Den bind lausmasse og dempar store regnskyer ovanfor garden Sveipe. GE sine kart viser at traseen er tenkt i den bratte lia der det ofte har rasa. Ragnhild Ulberg, Bente Haverstad og Hans M. Ulberg deler skepsisen, og ber GE sjå nærare på jordkabel som alternativ, eventuelt leggje ny kabel i den gamle traseen. – Det blir eit stort inngrep, seier dei.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Nå kjem motforestillingar til GE nett sitt føretrekte alternativ til ny trase.