Ringbyggingar som har sett spor - del 6

Engebret Pedersen Nordrum 1777 - 1833

Bygdadoktor, radikal politikar, og aktiv varamann til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Offiserer: Henta frå Tore Pryser: 1814 i Oppland. Engebret Nordrum var sersjant og befalingsmann i krigen mot svenskane i 1814 

Gudbrandsdøl: Bonde med grunnlovstavle frå 1814 frå Henrik Wergelands bok:Nordmandens Katechisme. 

Våpen: Våpen nytta i første halvdel av 1800-talet. 

  • Tore Pryser: 1814 i Oppland.
  • Tingbok for Sør-Gudbrandsdal 1806
  • Ivar Kleiven: Ringbu
  • Halvor Aaby: Ringebu Heim og folk 2 og 4.
Nyheter

Førre gongen eg skreiv i denne spalten om betydningsfulle ringbyggingar, skreiv eg om Jehans Nordbu. Nå vil eg ta for meg tremenningen til Jehans, Engebret Pedersen Nordrum. Han var født på Nordrum i Fåvang i 1777, bestefar hans, Amund Pedersen var frå Nordbu. Engebret gifta seg med gardjenta på Mælum på Kjønås, Eli. Det var to Mælumsgardar den tida, men Eli var gardjente på båe gardane, og Engebret vart etterkvart gardbrukar på båe gardane.

Tre av sønene prøvde seg som gardbrukarar på Mælumsgardane, Per på øvre og Engebret og Ole i nigard. Så kom Christian Jevne frå Øyer og kjøpte øvre, og i 1841 bytte han også til seg nigard mot nordgard Kolstad av Ole Mælum. Sidan har Mælum vore ein gard. Ole vart bonde på nordgard Kolstad og far til Simen Kolstad, mangeårig ordførar i Ringebu.


Ole Bronn (1759 – 1844) var med og starta Kongsberg Våpenfabrikk.

Eg likar å si at den industrialiseringa som skjedde i Norge tidleg på 1800-talet, den starta i ei lita smiu nedi Forrbru’n.

 

Las om legevitenskap

Det var ikkje som gardbrukarar denne familien utmerka seg. Frå Nordrum heiter det at både Engebret og broren «Sersjant-Ole» likte best å lesa. Engebret interesserte seg spesielt for legekunsta. Han tileigna seg utan tvil store kunnskapar og var etterspurd i heile dalen og heilt ut på Hedmarken.

Det er to forklaringar på korleis han hadde skaffa seg lærdomen. Var det av ein svenske som hadde studert legekunsta, og som kom til Nordrum etter å ha rømt unna straff for virksomheita si? Eller hadde han vore så langt som til København og lært faget der? (Jehans Nordbu, tremenningen, var også i København for å lære om legevidenskapen).


Ringbyggingar som har sett spor etter seg – del 2

Blomstermesteren fra Ringebu

Kristen Erlandsen Listad, 1726 -1802, var nok meir frøning enn ringbygging, men eg tek han med her likevel ettersom han fekk dette namnet.

 

Stilt for retten

I 1794 var «Kvaksalvarlova» innført i Norge, og det vart ulovleg å praktisere som bygdadoktor utan å dokumentere offentleg utdanning. 21. juni 1806 vart Engebret Pedersen stilt for retten. Dei to vitna som var innstemde kunne båe fortelja at folk var helbreda for sine sjukdomar av den behandlingen, og dei medisina, som Engebret hadde gitt dei. Men Engebret kunne ikkje dokumentere noen bevilgning for å praktisere som doktor.

I saka heiter det m.a.:

«Actor begiærede Engebr. Mæhlum tilspurgt om Han er forsynet med Bevilgning til at øve lægekunsten? - Nej, ikke heller har han sagt det….»

Dom:

«Da det … er beviist: At Indstevnte har forøvet Lægekunsten hvortil han ikke har kundet beviise sig, saa kand han ikke undgaae at blive anseet med Straf efter Forordningen af 5te Sept. 1794 §5 thi kiendis for Ret. Engebret Pedersen Mæhlum bør for sit lovstridige og uforsvarlige Forhold at bøde 20 rd. til Ringeboe Prestegjelds Fattigkasse; saa bør han og at betale denne Sags Omkostninger saaledes nemlig: til Actor 6 rd, til Dommeren 4 rd 48 sh, til Lensmand Flifleth 3 rd 32 sh, og til Lensmand Randklev 1 rd, tils. 14 – 3 – 8….»

At folk hadde tillit til «bygdadoktoren» på Mælum, og at også øvrigheita hadde respekt for det Engebret fekk utretta, ser ein av at han i 1807 fekk spesielt løyve frå det danske kanselli i København til å hjelpe sjuke dersom autoriserte legar ikkje var å oppdrive.


Ringbyggingane i Slaget i Kringen

Når eg vil forsøke å skrive litt om «ringbyggingar som har sett spor etter seg», så er det naturleg å starte med dei fyrste namngitte ringbyggingane vi finn i skriftlege kjelder utanom namn i skattelister o.l.

 

Varamann i Riksforsamlinga

Folk ville ha det til at Engebret hadde Svartboka, og som sersjant og befalingsmann i krigen mot svenskane i 1814, kunne han skrive ut «friskotsedlar» til soldatane. Arne Onshus var ein av dei som gjekk med ein slik seddel i skoen sin. Han vart råka av eit skot frå svensken og skal ha sagt: «Fan kå det brende, men det gjekk ikkje hol på skinnet» (I. Kleiven).

Berre ein frå Ringebu fall i krigen. Det var Morten Amrud. Engebret var samfunnsengasjert. Han var ein av dei få i dalen som ga pengar til bygginga av Universitetet i Oslo i 1812, 10 riksdalar ga han. Han var politisk interessert og radikal, og det fekk han vist da han i 1814 vart vald som varamann for Paul Harildstad til Riksforsamlinga på Eidsvoll.

Desse to var valde frå det millitære, frå det Oplandske Infanteriregiment, og Engebret representerte det Ringeboiske Companie. I denne posisjonen spelte han ei sentral rolle.

Professor Tore Pryser meiner at Engebret Nordrum var til stades på Eidsvoll da forhandlingane pågjekk og arbeidde aktivt i kulissane.


Historia om ein familie som har sett spor

Christian Braunmann Tullin er ikkje ringbygging, det er å trekke det for langt, men han har namnet sitt frå Ringebu, og far hans var frå Tullia i Liagrenda på Fåvang.

 

Radikale forslag

Og gudbrandsdølane var svært aktive under leiing av Engebret. Dei la fram ei rekke svært radikale forslag:

• Avskaffe det meste av embetsverket. Derfor bør Biskopers, Stiftsamt-Mænders, Amtmænders, Fogeders og Procuratorers Embeder nedlægges og ophøre inden et Aar fra Riksdagens slutning. (pkt.3)

• Menigheta skulle ansetta prestar. Vi som have kiøbt og Ejer Kirkerne, forbeholder os Ræt til at kalde Selv Præster. (pkt. 6)

• Avskaffe stemmeretten til embetsmenn. Ingen Embeds Mand som staaer i Kongens eller Statens Sold maa have adgang eller Stemmerættighed ved Rigsdagen, uden han ejer et Jordegods.

• Avskaffe adelen. Aldrig bør Nogen arvelig Adel Existere i Norge» (punkt 12). «Førstendømmer, Hertugdømmer, Grevskaber, Baronier, Herre Gaaarde (....) maa aldrig oprættes i Norge.

• Husmennenes arbeidsplikt i prestegarden skulle avskaffes.


Emigrerte til Nord-Dakota og ble "farmerkjerring"

Av og til kan eit fotografi vekke mange minner. Ragnhild Romsås Bjørge har ei heil lita historie om ei jente på eit skulebilde vi har hatt i Dølen ved eit tidlegare høve.

 

Fekk lite gjennomslag

Det var nok forslaget om at embetsmenn utan jord ikkje skulle ha stemmerett som skapte mest uro, og vart betegna som uhørt rabulisme. At menigheta sjølv skulle få tilsetta prestar, var truleg ein ide dei hadde fanga opp frå Amerika.

Professor Halvdan Koht meiner at Engebret Nordrum, som la fram forslaga, må ha vore i kontakt med den radikale og opposisjonelle storbonden Halvor Hoel på Nes. Embetsmennene sørga for at han ikkje var utsending til Riksforsamlinga, og det er ikkje utruleg at han nytta seg av gudbrandsdølane for å få fram sine forslag og idear.

Forslaga som Engebret stod i spissen for fekk lite gjennomslag i Riksforsamlinga, men eitt av forslaga som gjekk på religionsfridom og «Tænke- og Skrive-Frihed» var det allmenn semje om.

Engebret, som også var kalla Mælum, døde på Mælum i 1833. Enka levde lenge etter han og gjekk under namnet «Doktor-Eli». Dei fekk mange barn, m.a. dei tre sønene som er nemnd og som vart gardbrukarar. Yngste sonen Amund Mælum var den kjente børsemakaren, låsesmed og knivmakaren i Vålebrua.