Sundheimtilsette har fått pengegåver til personaltiltak: - Takk for gåvene; vi brukar dei i lag

Laurdag samlast rundt 80 Sundheim-tilsette til fest. Det kan dei gjera fordi den samla personalgruppa har fått gåver av takknemlege pårørande.

Typisk norsk: Bålkos og friluftsliv; det meste som er "typisk norsk" er representert når festkomiteen pyntar til Sundheimfesten for omlag 80 medarbeidarar.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Fredag var fest- og underhaldningskomité samla for å pynte og gjera i stand til festen, som har vore planlagt sidan tidleg i sommar. På Ruste bygdahus blir det typisk norsk laurdag.