Bil påkjørt bakfrå på Vinstra

Politiet melder på Twitter om ei trafikkulykke i Nedregate.

Ulykka skjedde i Nedregate rett før klokka ti måndag.  Foto: Sigrid Gausen

Nyheter

Førar av den eine bilen skal vera sendt til legesjekk, det er meldt om at vedkommande har skader i ansiktet etter påkjørselen.

Meldinga om ein påkjørsel bakfrå i låg hastigheit kom til politiet klokka ti måndag morgon.

- Politi og ambulanse er på staden skriv politiet klokka 10.34.

Det er ingen av bilane som er køyrbare, og bilberging er rekvirert.