Fylkesmannen opprettar tilsyn etter drapsforsøket i Ringebu

Sjekkar om helsetenester har brote lova overfor sikta 20-åring

Fylkesmannen i Innlandet startar tilsynssak mot helsetenester etter drapsforsøket i Ringebu 30. oktober, der ei ung kvinne vart angripe i Ringebu sentrum.

Tilsyn Det er varsla tilsynssak mot helsetenester etter drapsforsøket i Ringebu 30. oktober.  Foto: Tone Sidsel Sanden

Nyheter

Fylkesmannen skriv på sine heimesider at det gjennom medieoppslag har kome fram at gjerningspersonen har vore i kontakt med helsevesenet i forkant av hendinga. Det gjeld både i Ringebu kommune og i spesialisthelsetenesten.