Svar til Hage om nynorsk i Dølen

Vi er heilt einige med deg; vi bør bruke meir nynorsk.

Dølen er ei lokalavis som skal bruke både nynorsk og bokmål.  Foto: Scanpix

Nyheter

Paul Hage sendte inn lesarinnlegg til Dølen om lokalavisa sin bruk av nynorsk.

Dølen er ei lokalavis som skal bruke båe målformene. Vi skal skrive godt, enkelt og lite konservativt, både på bokmål og nynorsk. Nynorsk er ei skriftform vi meiner er tett opp til dialekta vår. Vi ønskjer å skrive lett og god nynorsk.

Paul Hage meiner at vi i alle fall bør bruke nynorsk når vi skriv om barn og unge. Det støttar vi. Dei fleste skuleelevane i fronskommunene har nynorsk som hovudmål.

Takk for påminninga til Hage. Vi skal skjerpe oss.

Tone Sidsel Sanden, redaktør i Dølen