Gunnar går gjerne i striden for læreryrket

Gunnar Kaus fra Ringebu hadde navnedag sist torsdag.  

Nyheter

Namnet Gunnar kan bety «kamp» og «strid». 31 år gamle Gunnar Kaus frå Ringebu (bur på Fåvang) er ikkje framand for å ta ein real kamp.

– Eg har så vidt hatt kapteinsbindet både i Øyer-Tretten og for Ringebu-Fåvang. Og eg er glad i ein knokkelkamp, spesielt når det gjeldlokaloppgjer. Da snakkar vi fotball. Som lærar er det å gje læraryrket eit betre renommé, og den respekten det fortener, noko eg vil gå i striden for, fortel han.

– Men Gunnar, veit du kvifor du fekk namnet ditt?

– Eg er kalla opp att etter nokon før meg i slekta, som også heitte Gunnar. Både onkelen min og eg har Gunnar i namnet vårt. Så kreativiteten sto nok sterkt før i tida ...

– Har du hatt noko kallenamn?

– Når du heiter Gunnar, og i tillegg Kaus, så blir det mange fine rim, som Gunnar Saus og Gunnar Lapskaus. I Donald Duck er det ein som heiter Gunnar Gås. Dette var nok meir plagsomt før enn det er nå, heldigvis.

– Kva gjer du til dagleg?

–Til dagleg jobbar eg som lærar, og eg prøver også å oppdra ei datter på eitt år.

– Har du nokre ønskje for 2020?

– Som ein passe aktiv mosjonist er målet å flyge raskare i ulike løp gjennom året. Så håpar eg på fred på jorda, fleire pengar på sparekontoen og generelt god stemning.