Må truleg fjerne fleire avfallspunkt : - Feil kontainerbruk slår attende på alle

Renovasjonssjef i Midt-Gudbrandsdal renovasjonsselskap, Roger Skansgård, håpar det skal gå sport i å sortere riktig hjå folk. Da kan kanskje 6. plassen over landets rimelegaste renovasjonsordning bergast.
Nyheter

Bileta som syner kva folk finn på å kaste i kontainarar utplassert på fjellet er teke av MGR sjølve. Feil bruk gjer at kontainarane fylles fortare opp, gjev meire køyring for MGR og det blir meirarbeid med sortering når avfallet når Frya. Sidan renovasjonsordninga til hushaldningar og hytter skal vera sjølvkostfinansiert, vil alle ekstra kostnader verke inn på avgifta du og eg betaler.