Skal arrangere landsfestival i gamaldansmusikk i Fron

Håpar på fleire tusen besøkande

DANSEGLEDE: Bildet er fra da Sør-Fron spelemannslag og Mukampen spelemannslag gikk sammen om å arrangere gammeldanskurs i fjor. 

Nyheter

Det er Sør-FronSpelemannslag, Mukampen Spelemannslag, Harpefoss Idrettslag og Sør-Fron Idrettslag som går saman for å få gammeldansen til Midtdalen. Det blir fjerde gongen arrangementet kjem til dalen, sjølv om det tek til å bli ei stund sidan sist. Landsfestivalen vart arrangert på Vinstra i 1988 og 1995, og på Harpefoss i 2005.

-Det er på tide å trø til igjen. Dette gjev gode moglegheiter til området, da det er mange som kjem for å overnatte, seier Øystein Rudi, som er leiar for festivalkomiteen.

Han seier at dei ser for seg at det kjem cirka 800 deltagarar til konkurransane, konsertar og dansespel. I tillegg er arrangementa opne for publikum, med fest og dansing.

- Vi ser at vi kjem i mål med finansieringa, og held på å legg opp kabalen med frivillige frå ulike lag, seier Rudi.

Hovudarena for festivalen vil bli ved Sør-Fron Kulturhus med uteområde, ungdomsskulen og Fron Badeland. Det er også planlagt eit stort mat/dansetelt på idrettsbanen framfor kulturhuset, i tillegg til fleire mindre telt.

Rudi fortel at det kjem mange tilreisande, slik at det må bli satt opp ein campingplass for høvet.

- Om folk er interessert i å leie ut huset sitt ved Harpefoss, så er det gode moglegheiter for det under festivalen.