To veker har gått i eitt: - Håpar vi greier å flate ut kurva framover

Laurdag var det stilt omkring helsesenteret på Fåvang, men kommunelege Per Ove Hagestuen er på jobb. Som han har vore frå morgon til kveld dei siste to vekene.
Nyheter

Han innrømmer at det går i eitt. Hagestuen jobbar til vanleg i halv stilling som fastlege med pasientar og halvt som kommuneoverlege. Den siste rolla har fått kjørt seg etter covid-19 tok til å husere i Innlandet.