Mangel på saueklypparar: Midtdølane er ute med ei hjelpande saks

Da dei utanlandske profesjonelle saueklypparane reiste heim, måtte faglaga i landbruket ta ei "vareopptelling". Alle skal ha klypping før lamminga, og klypparar frå Midtdalen reiser rundt i heile Innlandet i desse dagar.

Publikum følgde nøye med Lars Sønstevoldhaugen på podiet under tak i Nesseskogen i 2018. I fjor klypte han 20 000 sauer, 9000 av dei på slakteriet på Rudshøgda. I år reknar han med å klyppe rundt 25 000 sauer.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Lars Sønstevoldshaugen har vore hjå ein av dei faste kundane sine i dag, men neste veke skal han til bønder som har brukt utanlandske klypparar før.